Du er her:

Hugs fluktopning og rett merking av reiskap

Oppdatert: 19.04.2018

– Fritidsfiskesesongen er i gong og her i landet er vi så heldige at vi kan hauste frå fellesressursane i havet. Men vi må også ta vare på desse ressursane for framtida, seier inspektør ved region Vest, Ina Giil Solheim.

Fisk og skaldyr som sit fast i garn. Foto: © Fiskeridirektoratet

Slik kan det sjå ut når garn vert ståande lenge i sjøen. Fisk og skaldyr sit fast, og vert påført unødvendig store lidingar. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

Du som bur i Noreg kan fiske både med handhalden reiskap og med fleire typar reiskap som du set i sjøen. Dette kan til dømes vere garn, teiner, ruser eller liner. På nettsidene våre finn du dei reglane som gjeld for fritidsfiske.

Meld frå når du misser reiskap

Men kva skjer dersom du misser reiskapen din? Då vil denne kunne fortsetje å fiske i lang tid. Dette kan føre til store lidingar for fisk og skaldyr, som vert fanga i fiskereiskapen.

– Vi ynskjer at det skal vere veldig lav terskel på å melde frå om tapt fiskereiskap. Dette kan du enkelt gjere i fritidsfiskeappen vår. Den er gratis å laste ned, fortel Solheim.

Visste du at visse typar reiskap kan bli ståande i sjøen og fiske i opptil 20 år og at det deretter kan gå fleire hundre år før alt er oppløyst? Difor er veldig viktig at du ser etter reiskapen din og melder frå dersom du misser den.

Når du melder inn tapt reiskap kan andre finne den att og hente den opp av sjøen, slik at vi unngår spøkelsesfiske.

Vi finn altfor mykje ulovleg reiskap

Solheim fortel også at dei finn svært mange ulovlege reiskapar når dei er på kontroll langs kysten. Mykje av reiskapen er også feil eller mangelfullt merkt.

– Om du lånar reiskap av andre eller har arva det, så må du likevel merke det rett; altså med ditt namn og di adresse. Vi har funne reiskap som har utgåtte fiskerimerke, og altså har tilhøyrt nokon som ikkje lenger fiskar sjølv. Det er synd at ikkje alle har respekt for regleverket. Det er der for at vi saman best mulig skal kunne forvalte dei felles ressursane våre, seier Solheim.

Ver med å sikre at vi tek vare på livet i sjøen

Fluktopning som ikkje er festa. Foto: © Fiskeridirektoratet

Når fluktopninga er for liten eller ikkje er festa, vert det vanskele sjølv for ein liten krabbe å kome seg ut. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

Reglane for fluktopning i teiner er der for å sikre at små individ skal kunne kome seg ut av teina. På den måten er vi med på å sikre framtidig vekst og slik sikrar vi også bestanden.

Vi har innført særlege reglar for teiner som skal brukast til å fiske hummar. I slike teiner må du bruke bomullstråd som går i oppløysing etter ei viss tid i sjøen. Hugs også at hummaren har sommarferie fram til 1. oktober, så før den tid skal all hummar du får setjast tilbake i sjøen.

På same måte som reglar om fluktopning er også reglar om minstemål innførte for å sikre framtidig vekst av bestandane. Vi vil at fleire småfisk skal få leve til dei blir store nok til å formeire seg.

Døme på minstemål

Fiskar du torsk nord for Stad (62 °N) må den vere minst 44 centimeter lang, og fiskar du sør for Stad må den vere minst 40 centimeter for at den skal vere stor nok til at du kan ta den med deg. Minstemålet for hyse er også ulikt; nord for Stad er det 40 centimeter mens det sør for Stad er 31 centimeter. Oversikt over alle minstemål finn du på nettsidene våre.