Du er her:

Bruk fritidsfiskeappen – finn tapte reiskapar – vinn gåvekort

Oppdatert: 09.01.2018

Har du i løpet av 2017 henta opp tapt reiskap frå sjøen? I så fall kan du vinne gåvekort på 2500 kroner for innsatsen. 

Fiskeridirektoratet ynskjer å bidra endå meir til at tapte reiskapar vert henta opp frå sjøen.

I appen «Fritidsfiske» kan du sjå kvar tapt reiskap, som andre har meldt inn, er å finne. Du kan også melde inn funne reiskap. Appen er sjølvsagt gratis.

Meld inn funnen reiskap innan 31. mars

  • Send bilde av reiskapen og informasjon om kvar du fann den innan 31. mars. Meldinga om funnet sender du via appen.

Frå alle reiskapsfunna som er meldt via appen, trekkjer vi tre gåverkort a 2500,- 

Resultat av trekkinga vert kunngjort på våre nettsider i starten av april.