Lanserer ny fritidsfiskeapp

Den nye og langt betre fritidsfiskeappen med ein ny funksjon for å melde inn tapt reiskap er no klar for nedlasting og bruk. Appen gjer det enkelt for fritidsfiskarar å halde seg orientert om regelverket for fiske i sjøen.

Fritidsfiskeappen

Den gamle appen er deaktivert og alle dei nær 20 000 brukarane får beskjed om å laste ned ny app. Mange funksjonar er like, men meir brukarvennlege. Det store nye er mogelegheita for å melde inn tapte reiskapar. 

- Til liks med yrkesfiskarar mister også fritidsfiskarar reiskapar og kvart år vert ei mengde teiner, ruser og garn ståande igjen og fiske til inga nytte. Dette representerer ei skjult beskatning som kan ha alvorlege konsekvensar. I yrkesfisket har vi system for å både fange opp meldingar om tapte reiskapar og for å få desse opp frå havet. Fritidsfiskarar har inntil no kunne rapportere om tapte reiskapar via våre nettsider. Men i den nye appen vil vi få ei langt betre løysing på dette, seier kommunikasjonsdirektør Olav Lekve i Fiskeridirektoratet.

Premiering for å hente opp reiskap

I den nye appen vil alle som mister teiner, ruser eller garn kunne merke av på eit kart kva slags reiskap som er mista og kor hen det er mista. Så kan dykkarklubbar eller andre som organiserer rydding av sjøbotnen gå inn på kartet i appen, finne ut kor det står tapte reiskapar og organisere tiltak for å få opp reiskapen. Når reiskap er henta opp er det viktig å rapportere det i det same kartet.

- Alle lag og organisasjonar som organiserer tiltak for å få opp tapte reiskapar frå fritidsfiske kan delta i ein konkurranse som premierer dei som hentar opp mest. Vi ser for oss å dele ut pengepremiar til dei som melder inn at det er henta opp så og så mykje teiner, ruser eller garn, seier Lekve.

Info om artar, minstemål og reiskap

I den nye appen er det ei oversikt over om lag 70 artar med bilde og minstemål, fredning og tillatne reiskapar. I tillegg vil du finne informasjon om ferdsel på sjøen, inkludert reglar for fiske nær oppdrettsanlegg og stenger og kor du kan fortøye båten din.

Du kan også ringe inn tips og melde frå om til dømes rømt fisk, forurensing og store algeblømingar på telefon 55 23 80 00 i kontortida og på Fiskeridirektoratets døgnbemanna vaktsentral på 55 23 83 37 / 911 03 277.

Oppdatert: 14.06.2017