Du er her:

Fiske etter leppefisk for fritidsfiskarar

Oppdatert: 24.04.2018

Fritidsfiskarar må ha leveringsavtale for å kunne søke om å drive fiske etter leppefisk.

Leppefisk i ruser. Foto © Scanfishphoto

Den som vil fiske leppefisk med båtar som ikkje er merkeregistrerte, må ha særskilt løyve frå Fiskeridirektoratet. 

For å få slikt løyve, må fiskaren ha leveringsavtale med godkjent kjøpar, og båten må vere registrert i Småbåtregisteret hos Redningsselskapet eller i Skipsregistrene.

Maks 20 teiner

Du kan bruke inntil 20 teiner per person og per fartøy. Det betyr at dersom fleire personar fiskar frå same båt, eller dersom éin person fiskar med fleire båtar, kan du uansett ikkje bruke meir enn 20 teiner. 

Dette gjeld også dersom du fiskar med ruser i tillegg. Altså, aldri meir enn 20 teiner og ruser.

Som fritidsfiskar kan du omsette for maksimalt 50 000 i året.