Krabbe

Oppdatert: 10.07.2017

Fangsttider

Du kan fange krabbar heile året.

Det er ingen særskilte reglar for lystring/lysing etter krabbe.

Tidlegare forbod mot å sette krabbeteiner laurdag - søndag i perioden då hummerfisket pågår er oppheva.

Minstemål og djupn

Frå svenskegrensa til og med Rogaland er minstemålet 11 cm. I resten av landet er det 13 cm. Krabbe skal målast over skalets største breidde.

Djupneavgrensinga for krabbeteiner er oppheva. Det er altså ikkje lenger forbode for fritidsfiskarar å sette krabbeteiner på grunnare vatn enn 25 meter.

Tal på teiner og ruser

Som fritidsfiskar kan du bruke inntil 20 teiner per person og per fartøy. Det betyr at dersom fleire personar fiskar frå same båt, eller dersom éin person fiskar med fleire båtar, kan du uansett ikkje bruke meir enn 20 teiner.

Dette gjeld også dersom du fiskar med ruser i tillegg. Altså, aldri meir enn 20 teiner og ruser.

I hummarfiskeperioden, frå 1. oktober til 31. desember, kan du ikkje fiske med meir enn 10 hummarteiner og ruser til saman. Men - du kan i tillegg bruke inntil 10 andre teiner, for eksempel krabbeteiner.

Meir om fiske med teiner og ruser

Korleis skal krabbeteina vere?

I teiner som er sett ut for fangst av krabbar, frå svenskegrensen til og med Tysfjord kommune i Nordland, skal det vere minst to sirkelforma fluktopningar - éin på kvar side av reiskapen. Diameter på opninga skal vere minst 80 millimeter.

Opninga skal vær plassert heilt nede ved reiskapsbotnen, slik at hummaren lett kan ta seg ut av reiskapen, men ikkje lenger nede enn at det er fri passasje gjennom opningane når reiskapen står i sjøen.

Alle teiner skal være tydeleg merkte med eigars namn og adresse.

Det er berre dei som skal fiske etter hummar som må registrere seg og få deltakarnummer.

Foto © Fiskeridirektoratet

Ikkje brekk klørne av levande krabbar!

Dersom du brekker klørne av levande krabbar, utøver du vald mot dyra. Og dersom du i tillegg kastar dei på sjøen igjen, set du dei i ein hjelpelaus tilstand.

Ifølge Mattilsynet strir dette mot dyrevelferdslova. Rådet for dyreetikk og EU-regelverket seier også at dette er forbode.

Sal av krabbar

Fritidsfiskarar kan ikkje fritt selje krabbar. All omsetning av fisk og skaldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar. Fritidsfiskarar kan maksimalt omsette for 50 000 kroner per år. Meir om sal av fangsten