Du er her:

Monteringsbeskriving for bomullstråd i hummarteiner

Oppdatert: 11.12.2017

Det er påbode å bruke nedbrytbar bomullstråd i hummarteiner. 

Alle teiner skal ha minst eitt rømmingshol, som vert halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd. (Rømmingsholet kjem i tillegg til minst to fluktopningar.)

Tråden skal virke slik at dersom du mister teina vil bomullstråden løyse seg opp etter ei viss tid, noko som gir fridomen tilbake for innestengte individ. Gamle teiner vil framleis kunne brukast ved å ettermontere bomullstråden.

Forsking og uttesting

Bruk av bomullstråd for å lage rømningshol i tapte teiner er ingen ny idé. Arbeidet med å tilpasse bomullstråden til bruk i norsk hummarfiske har vore gjennomført i eit fellesprosjekt mellom Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet.

Det blei raskt klart at alle «typar» bomullstråd på marknaden hadde ulike eigenskapar og i tillegg kjem val av riktig tjukkelse i relasjon til ønska varigheit. Derfor har det vore heilt nødvendig å gjennomføre dette arbeidet over 2 år.

Slitasjen på tråden vil naturlegvis variere med bruk og val av monteringsløysing, men det har vore viktig å finne spesifikasjonar som sikrar at tråden varer ut hummarsesongen, men heller ikkje lenger samt ei løysing som passar for alle typar teiner som vert brukte i fiske etter hummar. 

Fagleg fundamentert

I tillegg til forsking har det vore viktig for forvaltinga å trekke inn både brukarar og produsentar i dette arbeidet.

Val av tråd og akseptable monteringsløysingar i nye og gamle teiner er fatta i samråd med representantar frå Noregs Fiskarlag, Noregs Kystfiskarlag, Noregs fritids- og småfiskarforbund, samt representantar frå produksjon/sal. Forvaltinga er godt fornøgd med ei løysing som har brei støtte i heile næringa.

Monteringsbeskriving

Fiskeridirektoratet har utarbeidd ei monteringsbeskriving. Her finn du blant anna krava som gjeld for forskjellige typar teiner, illustrasjonar for korleis bomullstråden skal monterast og råd i samband med montering.

Du kan laste ned heile monteringsbeskrivinga frå høgre-margen på denne sida.