Freda artar

Nokre artar er totalfreda og det er forbode å fiske:

Det er den vanlege ålen (Anguilla anguilla) som er freda. Den såkalla havålen (Conger conger) er ikkje freda.

Dei to artane kan skiljast frå kvarandre slik:

Vanleg ål (Anguilla anguilla)

Havål (Conger conger)

Hoa blir opptil 1,5 meter. Hannen sjeldan lenger enn 0,5 meter

Dei største blir opptil 3 meter. Hoa er som regel 1,5-2,0 meter. Hannen ikkje meir enn 1 meter.

Svakt underbitt

Markert overbitt

Ryggfinnen startar eit stykke bak brystfinnane

Ryggfinnen starter like bak brystfinnane

Artar som er delvis freda har særskilte reglar knytt til fisket:

Blåkveite

  • Nord for 62°N er det forbode å fiske blåkveite med garn frå og med 1. september til og med 30. april.

Breiflabb

  • Nord for 64°N er det ikkje tillate å fiske breiflabb med garn frå og med 20. desember til og med 20. mai.

Hummar

  • Alle som skal fiske hummar må registrere seg før fisket startar. Dette gjeld både fritidsfiskarar og fiskarar som er registrerte i Fiskarmanntalet.
  • Hummar med utvendig rogn er freda heile året.
  • Frå svenskegrensa til og med Sogn og Fjordane er hummaren freda frå 1. desember til 1. oktober.
  • Frå Hordaland til Finnmark er hummaren freda frå 1. januar til 1. oktober.
  • Det er ikkje tillate å oppbevare hummar i sjøen frå 1. januar til 1. oktober.
  • Det er påbode å bruke (nedbrytbar) bomullstråd i hummarteiner. Det er ikkje krav om at heile teina er laga av nedbrytbar bomullstråd. Tråden skal virke slik at eit panel i teina fell ut etter ei viss tid. Gamle teiner vil framleis kunne brukast ved å ettermontere bomullstråden. 

Oversikt over alle reglar for fangst av hummar.

Kveite

  • Sør for 62°N er det ikkje lov å fiske kveite frå og med 20. desember til og med 31. mars.
  • Nord for 62°N er det ikkje lov å fiske kveite med andre reiskap enn krok i same periode.

Leppefisk

  • Det er forbode for fritidsfiskarar å fiske leppefisk med både teiner og ruser.
  • Fritidsfiskarar med leveringsavtale for sal av leppefisk kan søkje om tilgang til å fiske leppefisk med slike reiskapar.

Meir om reguleringa av leppefisk, skjema og så vidare.

Rognkjeks

  • I Nordland, Troms og Finnmark er rognkjeks freda heile året.

Torsk

  • I Oslofjorden, frå Telemark til grensa mot Sverige innanfor grunnlinja, er det forbode å fiske torsk heile året. Her er det også forbode å fiske med botnsette garn.
  • Innafor 14 definerte gyteområder frå Lindesnes langs Skagerrakkysten, i Oslofjorden og til grensa mot Sverige er det forbod mot alt fiske i gyteperioden for torsk frå og med 1. januar til og med 30. april. Undervassjakt i gytefelta er tillatt sidan dette er heilt selektivt.

Meir om vern av kysttorsken

Kartet viser kva område som er stengde for torskefiske heile året (grått), og kva område som er stengde for alt fiske frå januar til april (rosa).

Uer

  • Nord for 62°N er det forbode å fiske uer, med unntak av fiske med jukse frå og med 1. juni til og med 31. august.

Film om fredingsreglar for fritidsfiske

Oppdatert: 03.05.2018