Gravekonkurranse
Konkurranse: Kor lang tid treng ein fjæremark for å grave seg ned?
Du treng: Spade og stoppeklokke
- På ei sand- eller mudderstrand grev du opp fem levande fjæremark. (Ekskrementhaugane av sand eller mudder viser kvar dei held til.Grav eit djupt spadestikk for å få tak i fjæremark.)
- Legg dei på fuktig sand og observer kva dei gjer for å grave seg ned.
- Ta tida på dei, og sjå kven av dei som er raskast.