Pigghå – freda, men av og til talrik

Pigghå er oppført på «Rødlista» som sterkt trua. Førekomsten av pigghå i Noreg og i Europa må etter alt å døme sjåast i samanheng og forskarar undersøkjer mellom anna om norskekysten kan vere gytområde for denne haiarten.

I Noreg er det som utgangspunkt forbode å fiske pigghå.

Forskrift om forbud mot fiske og fangst av brugde, pigghå, håbrann og silkehai (lovdata.no)

Dette gjer at dei som får pigghå må setje den ut att dersom den er levande eller levedyktig. Er haien død eller døyande skal han takast med til land. Utvalde yrkesfiskarar som får pigghå som bifangst kan likevel få levere all fangst av pigghå.

Sjølv om dette kan virke noko underleg er unnataket fastsett for å ta omsyn til fiskarane, så vel som å ta vare på pigghåen. Det er nemleg ikkje alltid like lett å unngå fangst av den «vesle» haien som kan symje lange strekk på kort tid. Pigghåen sym i flokk, og kan førekome i til dels talrike mengder på små område. Det kan difor av og til virke som om pigghåen er langt frå trua, og det kan vere vanskeleg for fiskarar å vite at haien er akkurat der dei har planlagt å fiske.

Vurdert av ekspertar

Artar som hamnar på den såkalla «Rødlista» er artar som står i større eller mindre fare for å døy ut i Noreg. Rødlista vert publisert av Artsdatabanken, og alle artar vert vurderte av ekspertgrupper og kategoriserte etter kva tilstand arten er i. Rødlista er no under revidering og ei oppdatert Rødliste vil vere på plass innan utgangen av 2021.

Noko av det som gjer det vanskeleg å regulere pigghåen er at den har ein annan livssyklus enn fleire andre fiskar. Pigghåen føder levande ungar, som oftast mellom 7 og 20 stykk. Hoene kan verte gravide annakvart år, men arten vert seint kjønnsmoden, og pigghåen er derfor sårbar samanlikna med artar som vert tidleg kjønnsmodne.

Registrering er viktig

Det er i dag fleire element som vert brukte av forskarar til å måle bestanden av pigghå, slik som fangstdata og data frå forsking. Då det i dag berre er lov med eit særs avgrensa bifangstfiske etter pigghå er det ikkje sikkert at fangstdata gir eit godt nok bilete av bestanden. Det er difor svært viktig at all fangst av død og døyande pigghå vert registrert slik at Fiskeridirektoratet får informasjon om mengdene av fisk og stad for fangst. På denne måten vil vi i framtida stå betre rusta til å få på plass reguleringar som på ein betre måte tek vare både på pigghåen og på fiskarane.

Oppdatert: 20.01.2021