Du er her:

App om fritidsfiske i sjøen

Oppdatert: 03.07.2017
Fritidsfiskeappen

Er du glad i båtturar og fiske i sjøen, eller likar du å dykke? Då treng du blant anna å vite kva artar som er freda, kva fisk du må sleppe fri igjen og kva reiskap du kan bruke!

Med fritidsfiskeappen kan du også melde frå om du misser utstyr og du kan sjå kor andre har mista noko. Reglane om fritidsfiske i sjøen er laga for å beskytte fisken, slik at liten fisk får lov til å vekse seg stor og gi meir mat i dag og i framtida. Vi håpar du vil hjelpe oss i dette arbeidet.

Hjelp havforskarane og din dykkeklubb

Du har no muligheit for å knyte brukarprofilen din opp mot ein dykkeklubb og rapportere tapt/funnen reiskap. Då kan dykkeklubben få midlar for opprydding av tapte reiskapar, og du hjelper miljøet. Havforskingsinstituttet vil få data om tapt/funnen reiskap. Dette er nyttig for å kartlegge omfanget av spøkelsesfiske.

Når du brukar appen opprettar du ein profil, og vil du knyte profilen din til ein dykkeklubb gjer du det det først (dette treng du berre gjere ein gong). Viss du ikkje knyter profilen din til ein dykkeklubb vil du få ei forenkla registrering som ikkje har med dei nødvendige data til Havforskingsinstituttet.

Du finn appen i Appstore eller GooglePlay ved å søke etter «fritidsfiske».

Statistikk: Tapte redskap funnet av dykkerklubber