Kunnskapsinnhenting om marin forsøpling

Fiskeridirektoratet er opptatt av marin forsøpling og tar forsøpling frå fiskeri, oppdrett og fritidsfiske på alvor. Som eit ledd i ei stadig sterkere innsats på dette feltet har direktoratet fått gjenomført ein kunnskapsanalyse der ei spørjeundersøking om haldninger til marin forsøpling var sentralt.

Marin forsøpling er eit globalt problem som må løysast lokalt. Noreg har på mange måtar gått i front for å ta tak i problemet, og fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen er glad for at fiskeri- og havbruksnæringane viser vilje til å ta tak i utfordringane som forsøpling av havet skapar.

– Forsøpling av havet skadar dyrelivet, men har óg store konsekvensar for alle som lever av havet. Rapporten viser at vi har ein veg å gå, men eg er glad for at viljen til å løyse problemet er til stades. Regjeringa har i fleire år jobba for å kjempe mot marin forsøpling. Denne rapporten kan gi oss kunnskap om koreis vi skal arbeide framover, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Konsulentselskapet PriceWaterhouseCoopers (PwC) vart engasjert til å gjennomføre analysen og spørjeundersøkinga. I alt 4 475 personar har svart på undersøkelsen og dei fordeler seg med 323 fiskarar, 175 frå oppdrett og 3 977 fritidsfiskarar.

Grunnlag for handlingsplan

Som forventa svarar den store majoriteten av dei spurte innan alle tre gruppene at dei anser marin forsøpling som eit stort problem og som dei vil engasjere seg i for å få bukt med.

– Vi ønskjer å få innsikt i kva slags haldningar fiskarar, fritidsfiskarar og oppdrettarar har til marin forsøpling der fiskeri og oppdrett er kjelder til forsøplinga. Denne kunnskapen skal mellom danne noko av grunnlaget for ein handlingsplan mot marin forsøpling som kjem i mars, og den skal kunne vere eit utgangspunkt for eventuelle haldningskampanjar, seier fiskeridirektør Per Sandberg.

Arbeidet med kunnskapsinnhenting var inndelt i ulike deler:

  • Spørjeundersøkelse
  • Djupneintervju
  • Innsiktssamling

Spørjeundersøkinga stadfestar at marin forsøpling er langt framme i bevisstheiten til folk, og 90 prosent av dei spurde i alle gruppene meiner marin forsøpling er eit problem. Dei er også uroa over konsekvensane forsøpling kan få.

Samstundes svarar 9 av 10 i alle gruppene at forsøplinga som skjer skuldast uhell i samband med forskjellige arbeidsoperasjonar om bord på fiskefartøy, ved merdkanten eller ved utøvelsen av fritidsfiske.

Behov for meir kunnskap

Når det blir spørsmål omkring kven som bidrar til forsøpling er biletet noko annleis. Blant fiskarar svarar vel 60 prosent at dei er usamde i at fiskarar bidrar meir til forsøpling enn dei andre gruppene. Trass i at mellom anna forsking og strandrydding viser at fiskeri er kjelde til mellom 60 og 80 prosent av marint avfall som finns på norske strender meiner litt over 20 prosent av dei spurde at fiskeri ikkje bidrar til marin forsøpling og vel 15 prosent seier at dei ikkje har ei klar oppfatning.

– Det viser at det er behov for meir kunnskap og det gir rom for å arbeide med haldningsendringar. Men undersøkinga viser også at fiskeri- og havbruksnæringane i dei seinare åra er blitt mykje meir bevisste på kva slags problem marin forsøpling er, seier Sandberg.

Ikkje uventa

Innan havbruk meiner vel 75 prosent av dei spurde at havbruksverksemd bidrar til marin forsøpling og 4 av 10 meiner at havbruk forurensar meir enn dei andre gruppene. Flest fritidsfiskarar, eller nær 80 prosent, avviser at fritidsfiskarar bidrar meir enn dei andre gruppene til marin forsøpling.

– Resultata var kanskje ikkje uventa, men vil likevel gi oss svært nyttig kunnskap når vi no skal ferdigstille handlingsplanen vår mot marin forsøpling. Men vi kan alt no slå fast at vi må jobbe med å endre haldningar slik at alle som brukar havet har gode rutinar for å handtere ulike former for avfall. Samstundes må vi bidra til at utrangert reiskap og utstyr frå både fiskeri og havbruk kan bli levert og handtert på ein forsvarleg og enklare måte, seier Sandberg.

Kjelder og årsaker

I tillegg til uhell og mangelfulle og dårlege rutinar peikar fiskarane på at det er dyrt og til dels utfordrande å bli kvitt søppel som årsak til marin forsøpling som fiskeflåten er kjelde til. Når det gjeld kva som er kjelde til marin forsøpling i fiskeflåten peikar om lag 70 prosent på reiskapstap som årsak. Men også slitasje på reiskap og avkapp frå tau og reiskap blir oppgitt som viktig kjelde.

I havbruk blir operasjonar på merdkanten og mangelfulle rutinar peikt på som viktigaste årsak til marin forsøpling frå opperettsnæringa. Hovedkjeldene er tau og taustumpar, mikroplast frå slitasje på utstyr og at ein mister andre større plastkomponentar.

Ikkje overraskande peiker fritidsfiskarar også på tap av reiskap som hovedkjelde til marin forsøpling, men her er i tillegg hushaldningsavfall trekt fram som ei stor kjelde til forsøpling i motsetnad til dei andre gruppene. Som hovudårsak til forsøpling svarar om lag 50 prosent av dei spurte fritidsfiskarane at det skuldast mangelfulle rutinar. Men trass i at fritidsfiskane synes å vere svært opptatt marin forsøpling, og 8 av 10 seier at dei jobbar aktivt for å forhindre forsøpling, peikar 40 av svara frå denne gruppa på at fritidsfiskarane ikkje er så opptatt av konsekvensane av marin forsøpling som ei av hovedårsakene til marin forsøpling.

Sjå podcast med Hilde Sofie Berg (Fiskeridirektoratet) og Jørgen Laake (PwC).

Oppdatert: 10.02.2021