Havet – søppelplass eller matfat?

Kom og høyr professor Dag O. Hessen på Fiskeridirektoratets seminar under Arendalsuka tysdag 17. august på «Bærekrafthuset» i Arendal.

Seminaret tar utgangspunkt i nokre av FNs bærekraftmål og med spesiell merksemd på korleis vi kan produsere meir mat frå havet samstundes som vi må takle ei rekkje miljøutfordringar.

Fiskeridirektør Per Sandberg opnar seminaret tysdag 17. august kl. 16:00 med tittelen «Derfor er bærekraft viktig for Fiskeridirektoratet».

– Seminaret har ein litt dramatisk tittel, men havets tåleevne kombinert med eit stadig veksande krav til meir matproduksjon frå havet gjer at vi må vere tydelege på kva vi vil formidle, seier fiskeridirektør Per Sandberg.

Møt Hessen

Vi har invitert professor Dag O. Hessen til å rette søkelyset på akkurat dette dilemmaet; er vi i stand til å auke matproduksjonen og samstundes utnytte ressursane bærekraftig?

I tillegg vil fagdirektør Jens Christian Holm ta for seg kva rolle Fiskeridirektoratet bør ta for å sikre at norsk sjømat har godt og reint hav, og rådgivar Hilde Sofie Berg vil gå gjennom Fiskeridirektoratets handlingsplan mot marin forsøpling. Denne vart lansert tidlegare i år og er eit konkret verktøy for å redusere marin forsøpling frå dei næringane og aktivitetane som Fiskeridirektoratet har forvaltnings- og kontrollansvar for.

Live stream

Møt opp på Bærekrafthuset i Torvgata 7 i Arendal sentrum tysdag 17. august kl. 16:00. På grunn av smittevernreglane oppmodar vi folk til å vere presis. Har du ikkje høve til å delta og dermed få sjansen til å både stille spørsmål til og diskutere med foredragshaldarane, kan du logge deg inn på Facebooksidene til Fiskeridirektoratet og fylgje seminaret der.

Oppdatert: 11.08.2021