Fiskeridirektoratets handlingsplan mot marin forsøpling

Fiskeridirektoratet har no vedtatt ein eigen handlingsplan mot marin forsøpling som fiskerinæringa, fritidsfiskarar og havbruksnæringa er kjelde til. I planen er det lista opp ei rekkje tiltak som skal gjennomførast i løpet av planens femårsperiode.

Marin forsøpling er eit samansett og komplekst problem, men med planmessigt arbeid og gode tiltak er det mogeleg å redusere forsøplinga.

– Fiskeri, fritidsfiske og til dels oppdrett er store kjelder til marin forsøpling i vår del av verda. Det blir brukt store mengder plast i både fiskeri og oppdrett, og ein god del av dette hamnar dessverre på avvegar. Dette må vi ta tak i og Fiskeridirektoratet har difor utarbeidt ein eigen handlingsplan for å redusere forsøpling frå dei næringane og aktivitetane vi forvaltar og fører tilsyn med, seier rådgivar Hilde Sofie Berg i utviklingsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Plan over fem år

Hilde Sofie Berg har marin forsøpling som sitt spesialområde i Fiskeridirektoratet og har hatt ansvaret for arbeidet med Fiskeridirektoratets handlingsplan mot marin forsøpling. Planen skal gå over fem år frå 2021 til og med 2026 der nokre tiltak vil gå over heile perioden, mens andre vil gå over kortare periodar.

– Vårt store langtidsmål er å gjere våre oppryddingstiltak overflødige. Det er ennå ein lang veg å gå, og i handlingsplanen mot marin forsøpling er det lagt opp til at det er fleire vegar mot målet. I tillegg til våre eksisterande tiltak vil vi blant anna satse på førebyggande arbeid, på forsking og utvikling av meir miljøvenlege metodar og reiskapar og bidra til å få etablert velfungerande mottak av øydelagt eller utrangert reiskap, seier Berg.

Samarbeid

Eitt av dei første konkrete tiltaka i planen er å få på plass eit godt samarbeid med næringsaktørane og fritidsfiskarane gjennom å etablere arbeidsgrupper som skal arbeide for å redusere forsøplinga frå eigne grupper.

– Samarbeid er viktig og det er lite vi får gjort utan at også andre er med. Vi vil derfor ha tett dialog med andre offentlege etatar, med ulike forskingsinstitusjonar og ikkje minst med næringsaktørane og brukarane av kyst og sjø. Eit mogeleg tiltak vil vere å arrangere eit seminar med reiskapsprodusentar, fiskarar, selskap som jobbar med renovasjon og resirkulering for å skape merksemd omkring utvikling og bruk av alternative materialar og design for fiskereiskapar, seier Berg.

Pliktig rapportering av tapt reiskap i fritidsfiske

Eit anna konkret tiltak som direktoratet no er gått i gang med er å skaffe ein fullstendig oversikt over aktive og passive lokalitetar for blåskjeldyrking. Målet er å få bort alle etterlatte blåskjelanlegg som er ei kjelde for forsøpling langs kysten.

Fiskeridirektoratet har lang erfaring med å rydde sjøen for tapte og etterlatte reiskapar, spesielt i yrkesfiske der tap av reiskap er rapporteringspliktig. Men det blir mista og etterlatt svært mykje reiskap også i fritidsfiske, men her er det ikkje pliktig rapportering eller krav om merking av sjølve reiskapen.

– Fiskeridirektoratet vil foreslå å innføre pliktig rapportering av tapte reiskapar også i fritidsfiske, og vil i tillegg også foreslå å innføre krav om merking av sjølve reiskapen på teiner og ruser – ikkje berre vaket eller blåsa. På den måten vil vi kunne redusere både spøkelsesfiske og marin forsøpling. I tillegg vil vi arbeide med forebygging og har et ønske om at kunnskap om marin forsøpling skal bli inkludert i undervisninga på fagskular og vidaregåande skular, sier Berg.

Oppdatert: 15.03.2021