Sterkare miljøprofil ved bruk av forskningsavgifta

Av dei årlege forskningsmidlane som Fiskeridirektoratet disponerer blir det avsatt midlar til «Ordninga med fiskeforsøk og utviklingstiltak». Denne får ein stadig sterkare miljøprofil i tillegg til dei meir tradisjonelle prosjekta som forskningsavgifta skal dekke.

Også i 2020 skal det gjennomførast opprenskingstokt etter tapte reiskapar slik det er blitt gjort i snart 40 år. Dei siste fem åra er det mellom anna kvart år tatt opp gjenomsnittleg ca 800 garn, om lag 30.000 meter med liner, vel 22.000 meter tauverk og betydelige mengder teiner.

Kystnær opprensking

I år vil innsatsen også inkludere meir kystnære tiltak, og det er i første omgang avsatt 600.000 kroner til to kystnære opprenskingsprosjekt. Eitt av prosjekta er ei vidareføring av eit pilotprosjekt for opprensking av reiskapar i Hvaler- og Fredrikstadskjærgarden.

- Basert på akustisk kartlegging av sjøbotnen utført av Kongsberg Maritime i regi av «Frisk Oslofjordprosjektet» skal vi drive ei målretta opprensking i Oslofjorden ved bruk av sokning og undervassfarkost (ROV), seier prosjektleiar Bård Aarbakke i Fiskeridirektoratet.

I tillegg til opprenkingsprosjektet i ytre Oslofjord skal det også igangsetjast eit pilotprosjekt med tanke på tapte krepseteiner på Vestlandet.

Merking av reiskap   

Også satsinga på merking av reiskap og utvikling av metodar for å unngå uønska dødelegheit ved tap av teiner vil halde fram i 2020. Mellom anna skal det brukast vel ein million kroner på oppfølging av arbeidet som Sintef har utført for Fiskeridirektoratet og det vil bli igangsatt uttesting av ulike merkeanordningar dette året.

Mange av tiltaka i handlingsplanen er basert på informasjon frå dei såkalte fiskeritabellane som Fiskeridirektoratet utarbeider kvart år. Dette er tabellar som syner status for både artar og type fiskeri. Med bakgrunn i denne kunnskapen skal det i 2020 brukast forskningsmidlar på prosjekt knytt til reiskapsutvikling for meir rasjonelt og meir spesifikt fiskeri. Dette kan vere tiltak mot sprenging av reiskap og seleksjon i ulike typar reiskap for å unngå fangst av uønska art eller storleik.

Marin forsøpling

Merksemda knytt til marin forsøpling er veksande og dette viser også igjen i handlingsplanen for bruk av forskningsmidlane. Mellom anna skal det satsast på tiltak knytt til sirkulær økonomi som til dømes å resirkulere og gjenbruke utrangert reiskap. I tillegg vil utprøving av ny teknologi og nye fangstmetodar og fiskeforsøk vere viktige satsingsområder i 2020.02.06

Ordninga for fiskeforsøk og utviklingstiltak er basert på avgifta alle fiskarar betalar til forskning av førstehandsverdien av omsatt fangst. Formålet med ordninga er å fremje utviklinga i norsk fiskerinæring som kan bidra til ressursvenleg og rasjonell beskatning av fiskeressursane.

Oppdatert: 07.02.2020