Samiske fiskeriinteresser

Fiskeridirektoratet har også ansvar for å ivareta dei samiske fiskeriinteressene. Med samiske fiskeriinteresser meiner vi tradisjonell samisk fiskeri- og fangstaktivitet etter viltlevande marine ressursar som vert driven av yrkesfiskarar.

Fiskeridirektoratet har ikkje gjennomført eigne kartleggingar av samiske  fiskeriinteresser. Utøvinga av dette fisket føregår oftast i dei same områda som anna fiskeri, og inngår dermed i kartlegginga av kystnære fiskeridata.

Når vi vurderer samiske fiskeriinteresser i arealplansaker, nyttar vi også andre kjelder for å få informasjon om område der det føregår samisk fiskeri. I Fiskeridirektoratets kartverkty Yggdrasil er det to administrative kartlag som kan indikere at eit geografisk område er viktig for samiske interesser:

  • Område omfatta av Sametinget si tilskotsordning for støtte til samisk næringsutvikling (STN-område)
  • Område omfatta av deltakarlova § 21: Som følgje av kystfiskeutvalet sitt arbeid for å ivareta sjøsamiske fiskeriinteresser vart det i deltakarlova inkludert rettar til fiske i Finnmark og Nord-Troms og enkelte område i Sør-Troms og Nordland.

Sjølv om det ikkje er kartlagt fiskeriinteresser i eit område, betyr ikkje det at det ikkje føregår fiske i området. Dette gjeld særleg fritids-, sports- og rekreasjonsfiske, inkludert fiske til eige bruk. I kystnære område vert det fiska der fisken befinn seg. Område som er viktige for ikkje-kommersielt fiske vil ofte vere overlappande med områda der dei mindre fiskefartya fiskar, og slik vere inkludert i vurderingane vi gjer av fiskeriinteressene.

Oppdatert: 10.12.2021