Marint miljø og naturtypar

Eit reint og rikt hav, som ikkje er forureina og som har eit rikt naturmangfald, er ein nødvendig føresetnad for sjømatnæringane. Fiskeridirektoratet vil derfor, av omsyn til fiskeri- og havbruksnæringane, kunne ha behov for å stille høge miljøkrav i arealplanlegginga.

Mange av ressursområda og bruksområda som fiskerinæringa er avhengig av, er tett knytte til bestemte marine naturtypar. Å ta vare på desse naturtypane i arealplanlegginga er viktig for å sikre det framtidige grunnlaget for fiske og anna hausting av viltlevande marine ressursar.

Tener økosystemet

Ålegrasenger, tareskogar, blautbotnområde i strandsona, skjelsandområde og korallførekomstar er døme på naturtypar som yter økosystemtenester til fiskeria. Desse naturtypane tener som gyte-, oppvekst- og leveområde for fisk; dei fungerer som gøymestad og beiteplass. Til dømes dannar korallane strukturar på havbotnen som fungerer som vern for fiskeyngel, medan rikt biologisk mangfald i mellom anna tareskogane skaper næringsgrunnlag for større dyr og fisk.

Areal som er viktige for fiskeria treng beskyttelse mot forureining. Det er mellom anna viktig å unngå miljøskadeleg utslepp i nærleiken av gyteområde, viktige naturtypar, låssetjingsplassar og gode fiskeplassar.

Innsamla data om marine naturtypar i kart:

Marine naturtypar i Fiskeridirektoratets kartverktøy (Yggdrasil).

Fleire marine naturtypar som er viktige for fisk og marine organismar, er per i dag ikkje kartlagde. Eit døme på dette er kalkalgar, mergel eller ruglbotn, som det er store område med i Nord-Noreg.