Låssetjingsplassar

At gode låssetjingsplassar vert sikra i arealplanlegginga er ein føresetnad for mykje av fisket etter sild, makrell, sei og brisling.

Låssetjingsplassar er område der fiskarane i ein avgrensa tidsperiode fortøyer steng og nøter for levandelagring av fangst, for seinare omsetjing og for å gjere fisken åtefri. Slik innhegning av fangst skjer gjerne i skjerma viker og vågar der naturtilhøva ligg særleg til rette for det. Mange låssetjingsplassar har blitt nytta gjennom generasjonar.

Ein låssetjingsplass må først og fremst gje tilstrekkeleg vern mot vêr, vind og straum. Det er nødvendig for å hindre tap av fangst ved dårleg vêr, skade og stress på fisken og øydelegging av utstyr. I tillegg er stabil gjennomstrøyming av friskt sjøvatn viktig. Temperaturtilhøva, salthaldigheita og oksygeninnhaldet i sjøen kan vere viktig. Fisk i steng er var for støy, vibrasjonar, partiklar og forureining.

Låssetjing krev areal til sjølve stenget, til fortøyingar og til manøvrering av nota. Annan bruk av areala er utelukka når låssetjinga pågår. Fortøyingar kan også bandlegge areal på landsida. Nota vert fjerna når låssetjingsplassen ikkje er i bruk.

Fisket kan erfaringsvis variere mykje frå år til år med omsyn til kvar fisket føregår. Ein låssetjingsplass som ikkje har blitt nytta på nokre år, kan som følgje av endringar i vandringsmønsteret til fisken verte aktuell for bruk igjen.

Samlokalisering

Når det gjeld samlokalisering med andre arealføremål, også på landsida, er det viktig å unngå tiltak/bruk som kan gje dårlege miljøtilhøve for fisken.

Låssetjing kan innebere støy og bruk av lys, både på dagtid og nattestid. Dette kan gjere det krevjande å samlokalisere bruken med til dømes bustader, fritidsbustader eller andre arealføremål som er vare for støy og sterkt lys.

Låssetjingsplassar er kartlagde av Fiskeridirektoratet:

Låssetjingsplassar i kartverktøyet (Yggdrasil).

Kjelde: Kunnskap om låssettingsplasser (FHF)