Fiskeplassar

Å sikre fiskarane tilgang til naudsynt areal for utøving av fiske er viktig i arealplanlegginga.

Fisket føregår anten gjennom heile året eller når fisken samlar seg i mindre område for kortare eller lengre tid. Det kystnære fiskeriet og fisket inne på fjordane er døme på det første. Dei store fiskeria etter skrei og sild er døme på det andre.

Fiskeplassar vert i fiskeriforvaltninga også kalla «bruksområde». Fiskeplassane vert inndelte i område for aktive reiskapar og område for passive reiskapar. Reiskapane har ulike arealbehov.

I tillegg til tilgang på sjølve fiskeplassen, er fiskarane avhengige av tilstrekkeleg plass til å manøvrere i samband med setjing og trekking av fiskereiskap. Djupne, vêr- og straumtilhøve spelar inn på arealbehovet.

Gode fiskeplassar (bruksområde) er ofte samanfallande med gyteområde, beiteområde og viktige vandringsruter for fisk (ressursområde).

Passive reiskapar

I fiske med passive reiskapar (fastståande bruk) er det fisken som oppsøkjer reiskapen. Døme på fastståande reiskap er garn, line, snøre, ruser og teiner som vert sette ut i sjøen og vert ståande i ein varierande tidsperiode før dei vert henta opp att.

Aktive reiskapar

I fiske med aktive reiskapar er det fiskereiskapen som aktivt fangar fisken. Døme på dette er trål, snurpenot, snurrevad og dorg som vert dregne etter fiskebåten. Fiskebåten og fiskereiskapen er i bevegelse i samband med setjing, sleping og opptak av reiskapen.

Fiskeridirektoratet har kartlagt fiskeplassar for passive og aktive reiskapar:

Fiskeplassar for passive og aktive reiskapar i Fiskeridirektoratets kartteneste (Yggdrasil).