Akvakultur i arealplanlegging

Fiskeridirektoratet skal saman med fylkeskommunane ta i vare interessene til akvakulturnæringa i arealplanlegginga. Fiskeridirektoratet har ansvar for å komme med innspel om akvakultur i kommunale planprosesser.

Det er ei nasjonal forventing frå regjeringa at fylkeskommunane og kommunane set av tilstrekkeleg areal til ønskt vekst i oppdretts- og havbruksnæringa gjennom oppdaterte planar, som også sikrar miljøomsyn og andre samfunnsinteresser.

Akvakulturnæringa femnar om dyrking og oppdrett av mange ulike artar og artsgrupper, med ulike arealbehov. Nye typar akvakultur er under utvikling. Teknologi, driftskonsept og offentlege reguleringar er også i stadig endring. Kva sjøareal som er eigna for næringa er derfor i kontinuerleg endring. Næringa er med dette som bakgrunn avhengig av at det blir planlagt for arealfleksibilitet.

I arealplanlegginga er det fylkeskommunane som har ansvaret for å fremje motsegn på vegne av havbruk- og akvakulturinteresser.