Kapasitetsauke

Endringar i reglane om fem prosent kapasitetsauke

Fristen for å søkje om fem prosent kapasitetsauke er forlenga, og grensene for overskriding av lusegrensa er endra. Nærings- og fiskeridepartementet endrar ikkje vilkåra for kapasitetsauken, men endrar regelverket for å sikre at oppdrettarar ikkje på galt grunnlag vert underlagde sanksjonar og reaksjonar for brot på vilkåra.

Ein rapport frå Norsk Regnesentral har vist utfordringar knytt til potensielle falske positive telleresultat ved lave lusegrenser. Veterinærinstituttet har no, på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet, komme med forslag til handtering av problemet.

– Brot på vilkåra for kapasitetsauke har alvorlege følgjer, og det er difor avgjerande at det ikkje kan verte sådd tvil om det ligg føre brot på vilkåra eller ei. Når vi no endrar på føresetnadane for kapasitetauken, meiner eg det er riktig at alle oppdrettarar får mogelegheit til å vurdere tilbodet på nytt, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Forskrifta vert endra slik at det først vert rekna som brot på vilkåra ved lusetal mellom 0,2 og 0,3 lus per fisk i tre påfølgande veker. Ved nivå på 0,3 lus per fisk eller meir vert det uansett rekna som brot på vilkåra allereie etter ei teljing.

Alle etablerte oppdrettarar, inkludert dei som har takka nei tidlegare, får no mogelegheit til å vurdere tilbodet om fem prosent kapasitetsauke på nytt.

Les meir om dei nye retningslinene

Oppdatert: 23.05.2017