Tildeling av nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure (28.06.13)

Fiskeridirektoratet lyser ut 45 nye løyve til havbruk med matfisk av laks, aure og regnbogeaure, jamfør forskrift 24.juni 2013 nr. 754.

Søknad skjer på fastsett skjema, med frist 1. oktober 2013 klokka 15.00 og krev komplett søknad med all dokumentasjon og vedlegg som nemnt i skjemaet. Nærmare informasjon finn du under. I tillegg til søknadsskjema og teksten her, må du sette deg inn i forskrifta og merknadene til forskrifta for å ha fullstendig informasjon om krav til søknaden. Skjema, forskrift og merknader er tilgjengeleg under. Det er høve til å søke om fleire løyve. Det skal sendast ein komplett søknad for kvart løyve det blir søkt om.

Dei 45 nye løyva er fordelt i tre ulike grupper. Dette inneber at det vil vere eigne konkurransar innanfor den enkelte gruppe.

Fordelinga av løyva er slik:

Gruppe A (Troms og Finnmark): 20 løyve, fordelt med 10 i kvart av fylka. Innanfor dei 10 løyva i kvart av fylka er 5 løyve reservert mindre aktørar.

Gruppe B (open gruppe med lukka bodrunde): 15 løyve.

Gruppe C (open gruppe): 10 løyve.

Søknadsfrist og adresse for sending av søknad

Frist: Fiskeridirektoratet må ha motteke søknaden innan 1. oktober 2013 klokka 15.00. Adressa er: Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen.

Det er søkjar sitt ansvar at komplett søknad er kome fram til Fiskeridirektoratet innan søknadsfristen. Søknader som kjem fram etter søknadsfristen vil bli avvist. Endringar, utfylling, tilleggsopplysningar, presiseringar og liknande som kjem fram etter utgangen av søknadsfristen vil ikkje bli tatt med i vurderinga av den enkelte søknaden.

Søknadsgebyr

Dokumentasjon på at søknadsgebyr på kroner 12 000 per søknad er betalt, skal leggjast ved søknaden. Gebyret skal betalast til kontonummer 7694 05 09048 og merkast med søkjaren sitt namn, namnet på fylket det vert søkt om løyve i, gruppe det vert søkt i og tildelingsrunde 2013. Manglande innbetaling og dokumentasjon av gebyr fører til at søknaden blir avvist.

Vederlag

For tilsegn om løyva tildelt i gruppe A og C skal det betalast eit vederlag på 10 millionar kroner per tilsegn om løyve. Vederlaget for tilsegn om løyve i gruppe B tilsvarar dei aksepterte boda gjevne i den lukka bodrunden. Frist for betaling av vederlag er 30 dagar etter tilsegna om løyve er endeleg avgjort i forvaltinga.

Om tildelingsrunden

Løyva i Troms og Finnmark (gruppe A) og løyva som skal tildelast i ein lukka bodrunde (gruppe B), krev begge innløysing. Det vil seie at løyvet innehavaren alt har får nye vilkår, dei same vilkåra som blir stilt til det nye løyvet. Søkjaren må forplikte seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som samanlikna med dei som er i alminneleg kommersiell bruk i dag, reduserer miljøutfordringane ved at løysinga

  • reduserer risikoen for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming eller
  • sikrar at det heile tida er færre enn 0,25 holus per fisk i anlegget, eller eit utslepp av lus tilsvarande eit slikt nivå. Det er ikkje tillate med meir enn 3 kjemiske behandlingar per produksjonssyklus.

For dei 10 løyva som ikkje krev innløysing (gruppe C), må søkjaren forplikte seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, reduserer miljøutfordringane vesentleg ved at løysinga

  • gir vesentleg mindre risiko for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming, eller
  • sikrar at det heile tida er færre enn 0,1 holus av lakselus i gjennomsnitt per fisk, eller eit utslepp av lus tilsvarande eit slikt nivå. Grensa skal kunne haldast ved bruk av maksimalt 3 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus

Søknadane blir vurderte av ei eiga faggruppe utnemnd av Fiskeri- og kystdepartementet. Fiskeridirektoratet er sekretariat for faggruppa.

Det er eit vilkår at kunnskap og erfaringar ein får i bruk av løysingar som vinn fram ved tildeling av løyve skal delast slik at det kjem heile akvakulturnæringa til gode.

Spesielt for gruppe B

Tildeling i gruppe B skjer ved prekvalifisering og lukka bodrunde. Det er berre dei søknadene som blir prekvalifiserte på bakgrunn av kriteria i §13 som får boda tatt i betraktning. Boda som vert gitt må vere utan atterhald, vere bindande og kan ikkje trekkjast tilbake. Boda vil vere bindande til alle tildelingane i gruppe B er endeleg avgjorde.

Mangelfulle søknader

Søknader som ikkje inneheld tilstrekkelege opplysingar etter forskrifta § 5 blir avviste.

Krav til søknaden

Det skal fyllast ut eige skjema og sendast komplett søknad for kvart løyve det vert søkt om. Det er utarbeidd eigne skjema for kvar av gruppene.

Det kjem fram av det enkelte søknadsskjemaet og tildelingsforskrifta med merknader kva opplysingar og vedlegg som skal følgje søknaden.

Det er søkjaren sitt ansvar at relevante og tilstrekkelege opplysingar og dokumentasjon blir lagt fram. Av omsyn til effektivitet og likebehandling i sakshandsaminga, vil ikkje forvaltinga gjere utgreiingar eller be om tilleggsopplysingar til den enkelte søknaden. Forvaltinga kan heller ikkje leggje vekt på informasjon ein måtte ha om søkjaren dersom informasjonen ikkje er gitt i søknaden.

Fiskeridirektoratet oppmoder alle søkjarar om å lese forskrifta med tilhøyrande merknadar nøye. Søkjarane må også vere påpasselege med at søknadene er komplette og at det er nytta rett søknadsskjema for den gruppa søkjaren ynskjer å søkje i.

Søknaden skal signerast av den eller dei som har fullmakt til å binde søkjaren etter det som er registrert i Enhetsregisteret.

Søknaden skal også leggjast ved oversendinga elektronisk, anten ved bruk av minnepenn, CD-rom, DVD eller tilsvarande medium for lagring av elektroniske data. Det elektroniske innhaldet må vere identisk med det som kjem fram av den innsendte papirversjonen. Ved avvik vil papirversjonen bli lagt til grunn.

For søknadar i gruppe B skal idet lukka bodet ikkje leggjast ved elektronisk.

Innkomne søknader vil bli registrert og lagt til side til søknadsfristen er ute. Det vil ikkje bli gjort nokon kontroll av søknadens innhald før søknadsfristen er gått ut. Dette for å sikre lik behandling av alle søknader.

Oppdatert: 12.03.2015