Status gruppe A, B og C (19.06.14)
Statusmelding frå Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure 2013.
Gruppe A
Faggruppa har tidlegare handsama ferdig søknadene i gruppe A (Finnmark og Troms). Vedtak i gruppe A er påklaga. Det kom klager på avslag både i Finnmark og Troms.
Klagehandsaminga i Faggruppa er no ferdig. Ingen vedtak om avslag eller tildeling er endra. Alle klagene blir oversendt Nærings- og fiskeridepartementet som klageinstans, for vidare klagehandsaming.
Endelege tilsegn i gruppa kan ikkje gjevast før klagene er ferdig handsama i forvaltinga.
Gruppe B
Faggruppa sine vedtak om tilsegn i gruppe B er ikkje påklaga. Klagefristen er no ute. Melding om endeleg tilsegn og orientering om frist for å betale vederlaget for løyvet, vil bli sendt dei som fekk tilsegn om dei femten løyva etter bodrunden.
Gruppe C
Arbeidet med vurdering og ferdigstilling av søknadene i gruppe C går etter den planen som tidlegare er gjort kjent. Vedtak i denne gruppa vil ligge føre innan utgangen av juni.