Klagesakene for grøne løyve i gruppe A er ferdigbehandla (23.12.14)

Alle selskap som har fått tilsegn, må betale inn vederlag for løyve. Vederlag må betalast til Fiskeridirektoratet seinast innan fredag 23. januar 2015.

Vederlag per løyve er kr 10 000 000,-. Vederlaget må betalast seinast innan 30 dagar (inklusiv heilagdagar).

Beløpet skal betalast til Fiskeridirektoratet, kontonummer 7694.05.09048.
 Merk betalinga med namn og saksnummer (framgår av tilsegna frå Faggruppa for grøne løyve).

Avviste alle klagesakene
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) er i hovudsak einige i Fagruppa sine vurderingar. Alle klagene er avviste, og Faggruppa sine vedtak er oppretthaldne.

Følgjande selskap har fått endeleg tilsegn om konsesjon i Gruppe A (Troms og Finnmark):

Selskap i Finnmark som har fått endeleg tilsegn om konsesjon i Gruppe A

Finnmark (ingen mindre aktørar)

NRS Finnmark AS

5 løyve

Grieg Seafood Finnmark AS

4 løyve

Cermaq Norway AS

1 løyve

Selskap i Troms som har fått endeleg tilsegn om konsesjon i Gruppe A

Troms

Mindre aktørar:

Wilsgård Fiskeoppdrett AS

2 løyve

Gratanglaks AS

1 løyve

Salaks AS

1 løyve

Kleiva Fiskefarm AS

1 løyve

Ope for alle

Ope for alle

Nor Seafood AS

2 løyve

Nord Senja Laks AS

2 løyve

Nordlaks Oppdrett AS

1 løyve

Oppdatert: 12.03.2015