Gruppe C er klar (30.06.14)

Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2013 er klar med si vurdering av søknadene i gruppe C.

Faggruppa for tildeling av grøne løyve 2013 har i dag avslutta si vurdering av søknadene i gruppe C og vil ferdigstille vedtaka.

Alle søkjarane i gruppa vart tidlegare i dag gjennom e-post varsla om at ei nyheitsmelding med oversikt over dei som fått tildelt løyve, ville bli lagt ut i dag. Det var totalt 122 søknader til vurdering.

Oversikt over dei ti søkjarane som får tilsegn om løyve finn du her:

  • Bindalslaks AS
  • Engesund Fiskeoppdrett AS
  • Hardingsmolt AS
  • Lerøy Vest AS
  • Mainstream Norway AS
  • Marine Harvest Norway AS
  • Nekton Havbruk
  • Norsk Havbrukssenter
  • Senja Akvakultursenter AS
  • Sulefisk AS

Sjølve vedtaket om tilsagn for desse ti løyva, og vedtak om avslag til resten av søkjarane i gruppa, vil bli sendt ut per vanleg post i løpet av dei næraste dagane.

Det er tre veker klagefrist på vedtaka frå det tidspunkt ein mottar vedtaket.

Gruppe C er den siste av dei tre gruppene med søknader som Faggruppa har vurdert i tildelingsrunden 2013.

I denne gruppa vert det ikkje kravd innløysing av eksisterande løyve, men søkjaren må forplikte seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, reduserer miljøutfordringane vesentleg ved at løysinga

  • gir vesentleg mindre risiko for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming, eller
  • sikrar at det heile tida er færre enn 0,1 holus av lakselus i gjennomsnitt per fisk, eller eit utslepp av lus tilsvarande eit slikt nivå. Grensa skal kunne haldast ved bruk av maksimalt 3 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus
Oppdatert: 12.03.2015