Grøne løyve gruppe A (Finnmark og Troms) er ferdig (11.04.14)
Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure 2013 har handsama ferdig søknadene i gruppe A (Finnmark og Troms).
Vedtak om tilsegn og avslag er sendt alle søkjarane.
Inntil 10 løyve på 945 tonn maksimalt tillaten biomasse kan tildelast i kvart av fylka Finnmark og Troms. Fem av løyva i kvart fylke er reservert mindre aktørar (ett til og med 19 løyve).
Faggruppa har fatta vedtak om tilsegn til 10 løyve i Finnmark og 10 i Troms. Til saman var det 59 søknader i gruppa, 22 i Finnmark og 37 i Troms. I Finnmark var der ikkje mindre aktørar som søkte. Dei 10 løyva er tildelt tre ulike søkjarar.
I Troms var det 8 mindre aktører med til saman 15 søknader. Dei fem løyva som er tildelt mindre aktører er fordelt på fire søkjarar. Dei andre fem løyva i Troms er fordelt på tre ulike søkjarar.
Det er tre veker klagefrist på vedtaka.
Endeleg tilsegn blir gitt når eventuelle klagesaker er endeleg avgjort i forvaltninga.
Faggruppa ferdigstiller no som før opplyst vedtak om tilsegn og avslag i gruppe B. Desse vert sendt ut innan slutten av april. Deretter går ein vidare i vurderinga av søknadane i gruppe C.