Boda for grøne løyve gruppe B er opna (28.03.14)

Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure 2013 har i dag opna boda for dei prekvalifiserte søknadene i gruppe B.

Det kom 72 søknader i gruppa, 70 av desse vart prekvalifisert. Det skal tildelast 15 løyve i denne gruppa. Søknader med høgaste bod vil få tilsagn om løyve.

Klagehandsaming av avslag om prekvalifisering vart denne veka ferdig i Nærings- og fiskeridepartementet.Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure har i dag i møte opna boda for dei 70 prekvalifiserte søknadene i gruppe B.

Det skal tildelast 15 løyve i denne gruppa. Søkjarane med dei 15 boda som er antatt vil få tilsagn om løyve. Boda frå plass 14 – 17 var likelydande. Faggruppa gjennomførte difor loddtrekning blant desse.

Oversikt over dei 15 søkjarane som har fått boda antatt

Selskap

Salmar Farming AS

66 000 000

Salmar Farming AS

66 000 000

Salmar Farming AS

64 000 000

Salmar Farming AS

64 000 000

Mainstream Norway AS

63 011 000

Mainstream Norway AS

63 011 000

Mainstream Norway AS

63 011 000

Salmar Farming AS

62 000 000

Salmar Farming AS

62 000 000

NRS Feøy AS

56 000 000

Bjørøya Fiskeoppdrett AS

55 100 000

Mainstream Norway AS

55 011 000

Mainstream Norway AS

55 011 000

Salmar Farming AS

55 000 000

Salmar Farming AS

55 000 000

For dei 15 søknadene som har fått boda antatt, vil det bli fatta vedtak om tilsegn i samsvar med bod. For dei andre søknadane vil det verte fatta vedtak om avslag. Vedtak i gruppe B vil bli sendt ut innan utgangen av april 2014.

Som tidlegare kunngjort vil Faggruppa ha vurdering og vedtak i gruppe A (Troms og Finnmark) klar for utsending til påske.

Oppdatert: 12.03.2015