Alle klagene i gruppe C sendast til departementet (18.09.14)
Faggruppa har handsama klagene i gruppe C, og alle klagene sendast vidare til Nærings- og fiskeridepartementet.
Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2013 er klar med si handsaming av klagene på tilsegn i gruppe C.
21 klager frå søkjarar som representerer i alt 36 søknader er ferdig vurdert. Faggruppa stadfester sine vedtak om tilsegn. Klagene vert no sendt Nærings- og fiskeridepartementet for vidare klagehandsaming.
I gruppe C var det totalt 122 søknader til vurdering opp mot dei inntil ti tilsegna det er rom for å tildele i gruppe C. Faggruppa var klar med si vurdering av søknadene i gruppe C sist i juni, og gav tilsegn til ti løyve, avslag på dei andre søknadene.
I sommar er det kome klager frå 21 ulike aktørar som representerer i alt 36 av søknadene i gruppa. (Nokre aktørar har fleire likelydande søknader slik at ei klage kan omfatte fleire saker.) Faggruppa har vurdert den enkelte klage, men ikkje funne å endre sine vedtak om tilsegn.
Klagene sendast derfor no til Nærings- og fiskeridepartementet, for vidare klagehandsaming. Den enkelte klagar vil få tilsendt kopi av Faggruppa si oversending til departementet.
Klager i gruppe A er frå før til handsaming i departementet.
Vi gjer merksam på at endelege vedtak i gruppe A og C ikkje ligg føre før klagehandsaminga er ferdig.