Lakserømming ved Averøy i Møre og Romsdal i oktober

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingshending hjå Lerøy Midt AS ved Averøy i Møre og Romsdal. Selskapet har hatt oppteljing, men har ikkje klart å fastslå rømmingsomfanget.

Lerøy Midt meldte 20. oktober om rømming på lokaliteten Hogsneset N i Averøy kommune i Møre og Romsdal. Det var oppdaga skadar, blant anna eit større hol, i ei av nøtene.

Selskapet har denne veka ferdigstilt oppteljing etter hendinga og kom ut med 100 fisk i pluss. Fiskeridirektoratet vil be Lerøy om ei skriftleg forklaring på dette. Saka blir også fulgt opp med vanleg rømmingstilsyn.

Lerøy har hatt ute gjenfangstgarn etter at skadene vart oppdaga og har gjenfanga 9 oppdrettslaks ved anlegget. Fisken som rømte har ei snittvekt på 0,6 kilo.

Fiskeridirektoratet ønskjer tips

Publikum kan melde inn tips om fangst av rømt oppdrettsfisk til vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.

Oppdatert: 22.12.2020