Webinar om korleis avlusingsmiddel kan påverke hummaren
Fiskeridirektoratet ynskjer velkommen til webinar om korleis avlusingsmiddel kan påverke hummaren onsdag 15. juni 2022.
Onsdag 15. juni, klokka 9.30 – 11.15 arrangerte Fiskeridirektoratet eit digitalt seminar om korleis avlusingsmiddel kan påverke hummaren.
Bakgrunn for seminaret
Hummarbestanden er under press frå fleire hald. I dette arrangementet vil vi setje fokus på at hummaren peikar seg ut som spesielt utsett for å ta skade av legemidla oppdrettsnæringa bruker til behandling mot lakselus. Kunnskapsgrunnlaget viser at hummaren er ein av dei mest sensitive artane for avlusingsmidla som er i bruk i dag, noko som inkluderer både bademiddel og fôrbaserte middel.
Det som gjer dette til eit ekstra aktuelt tema, er at hummaren i fjor hamna på Artsdatabankens raudliste. Der har han fått status som sårbar, i tydinga høg risiko for å døy ut frå norsk natur.
Om seminaret
I seminaret vil Havforskingsinstituttet formidle kunnskap om hummarbiologi og kunnskap om dei negative effektane ulike avlusingsmiddel kan ha på hummaren. Fiskeridirektoratet vil formidle erfaringar frå tilsyn og informere om korleis tilsynet blir vidareutvikla på dette feltet.
Ved å kople saman kunnskap om hummarbiologi og kunnskap om effektar av eksponering for legemiddel, kan vi gi oppdrettarane meir innsikt i dette fagfeltet og dermed eit betre grunnlag for risikovurderingane dei har krav til å gjere. Målet er at gode risikovurderingar skal resultere i ein praksis som reduserer risikoen for negativ påverknad på hummarbestanden.
Delta digitalt
Det heildigitale arrangementet er ope for alle og utan kostnader for å delta. Vi trur innhaldet vil vere interessant for alle som er opptatt av livet i havet, men særleg dei som er involvert i fiskeoppdrett eller hummarfiske. Oppdrettsnæringa er hovudmålgruppa for seminaret.
Det blir høve til å sende inn spørsmål til foredragshaldarane. Spørsmål kan sendast til
Program:
9.30 – 9.40: Introduksjon av temaet for seminaret. Fiskeridirektoratet ved Britt Leikvoll.
9.40 – 10.00: Hummarbiologi. Havforskingsinstituttet ved Ann-Lisbeth Agnalt.
10.00 – 10.15: Negative effektar på hummar frå bademiddel mot lakselus. Havforskingsinstituttet ved Rosa Escobar Lux (foredraget er på engelsk).
10.15 – 10.30: Negative effektar på hummar frå fôrbaserte avlusingsmiddel. Havforskingsinstituttet ved Aoife E. Parsons (foredraget er på engelsk).
10.30 – 10.45: Risiko knytt til effektar på hummarbestanden ved bruk av legemiddel i fiskeoppdrett. Havforskingsinstituttet ved Ole B. Samuelsen.
10.45 – 11.00: Erfaringar frå tilsyn og utvikling av tilsynet i tråd med ny kunnskap. Fiskeridirektoratet ved Magnus Torvik.
11.00 – 11.15: Foredragshaldarane svarer på spørsmål sendt inn av publikum.