Rømmingshending i Stolsfjorden i Agder

Mowi AS har meldt om ei rømmingshending ved eit av sine anlegg i Stolsfjorden i Agder.

Selskapet rapporterte tysdag om ein større skade i ei not på lokaliteten Pinnen utanfor Flekkefjord. Notskaden hadde oppstått i samband med ein avlusingsoperasjon.

Omfanget av rømminga er ikkje klarlagt. Den aktuelle nota har oppdrettslaks med storleik på ca 3 kg.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp saka.

Vi ønskjer tips 

Personar som ønskjer å melde inn tips om fangst av oppdrettslaks i området, kan gjere det her: Tips Fiskeridirektoratet

Legg gjerne ved bilde av fisken.

Tipsene vil vere til hjelp for vår vurdering av omfang og spreiing av oppdrettslaksen

Oppdatert: 31.08.2022