Rømmingshending i Stokksund i Vestland

Bremnes Seashore AS hadde i juli ei rømmingshending ved eit av sine anlegg i Stokksund ved Bømlo.

Selskapet har rapportert om ein større skade i ei not på lokaliteten Holevik i Stokksund mellom Bømlo og Stord. Notskaden vart oppdaga i samband med ein rutinemessig inspeksjon etter avlusing i slutten av juli.

Omfanget av rømminga er ikkje klarlagt. Den aktuelle nota har oppdrettslaks med storleik på 3-4 kg. Det er meldt inn gjenfangst på 45 fisk i området.

Fiskeridirektoratet følger opp saka, blant anna med inspeksjon av nota denne veka.

Vi ønskjer tips i nytt digitalt tipssystem

Personar som ønskjer å melde inn tips om fangst av oppdrettslaks i området, kan gjere det her: Tips Fiskeridirektoratet

Legg gjerne ved bilde av fisken.

Tipsene vil vere til hjelp for vår vurdering av omfang og spreiing av oppdrettslaksen.

Oppdatert: 02.08.2022