Rømming av smolt frå brønnbåt
Vi har moteke ei melding om rømming av smolt, frå brønnbåt, ved levering til ein lokalitet i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal.
Måndag 18. juli vart det meldt om rømming av smolt frå brønnbåten «BB Novatrans» under levering av smolt til lokaliteten 10212 Bogen. Lokaliteten ligg ytst i Freifjorden i Kristiansund kommune. «BB Novatrans» tilhøyrer Norsk Fisketransport og er ein del av Frøygruppen.
Opptelling av gjenverande fisk viser at det har rømt ca. 8500 smolt. Den rømte fisken har ei snittvekt på 90 gram.
Det er sett i gong gjenfangst, og til no er det gjenfanga 1150 fisk.
Fiskeridirektoratet følger opp saka og er i ferd med å kartlegge årsak og hendingsforløp.
Fiskeridirektoratet ynskjer tips
Publikum kan melde inn tips om fangst av rømt fisk til https://www.fiskeridir.no/tips-oss