Rømming av kveite i Møre og Romsdal

Fiskeridirektoratet har motteke ei melding om rømming av kveite hjå Nordic Halibut AS, på lokaliteten Ørjavik i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal.

Nordic Halibut AS meldte måndag 4. juli om rømming på lokaliteten Ørjavik i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal. Dei oppdaga skadar på ei av nøtene.

Det er oppgitt at det sto 14.000 kveiter i nota, og det er fram til no gjenfanga 946 kveiter. Kor mange som har rømt vil verte avklart i løpet av august i samband med utslakting av fisken som står att i nota. Fisken i nota er oppgitt å ha ei snittvekt på 6 kg, men mykje av den gjenfanga fisken er 3 til 4 kilo.

Fiskeridirektoratet har vore på inspeksjon på lokaliteten, og følger opp saka.

Fiskeridirektoratet ynskjer tips

Publikum kan melde inn tips om fangst av rømt oppdrettskveite til:

Fiskeridirektoratets tipsløysing 

Oppdatert: 15.07.2022