Revidert tilråding for minste smoltvekt
Fiskeridirektoratet har revidert tilrådinga for minste individvekt av laksesmolt ved ulike maskeopningar. Dette er gjort for å redusere risikoen for at smolt rømmer gjennom notmaskene.
Bakgrunnen for at Fiskeridirektoratet no har revidert tilrådinga, er ei utvida kartlegging vi gjorde i samband med to rømmingshendingar. Den reviderte tilrådinga er lagt ut på Erfaringsbasen til Fiskeridirektoratet.
Stor variasjon
Kartleggingsprosessen viste at det er til dels svært stor variasjon blant oppdrettarar for kva dei vurderer til å vere minste akseptable individvekt ved utsett av smolt i forhold til ulike nøter. Kva kunnskap som blir lagt til grunn og korleis tidlegare tilrådingar blir tolka, har vist seg å gje relativt store utslag for kva smoltvekt ein endar opp med å vurdere som forsvarleg.
– I tillegg til oppdatert informasjon på nettsidene våre er vi i ferd med å planlegge eit webinar om rømmingssikring seinare i haust. Vi har ikkje spikra dato og innhald endå, men hovudfokuset vil vere på risiko for rømming av smolt igjennom notmasker etter utsett i sjø, seier seniorrådgivar Magnus Torvik i Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.
Meir kunnskap
Det er også bestilt meir kunnskap om risikoen ved rømming av smolt gjennom notmaskene frå Havforskingsinstituttet. Fiskeridirektoratet meiner likevel det er viktig å gi råd om minste smoltvekt alt no, trass i at råda kan endre seg i etterkant når ny kunnskap frå Havforskingsinstituttet føreligg.