Nye målemetodar skal betre rømmingssikkerheit

Torsdag 1. desember arrangerte Forum for rømmingssikkerheit til sitt årlege webinar. Årets tema var maskeopning og storleik på smolt.

Innleiarar frå Fiskeridirektoratet presenterte oppdaterte regelverk og tekniske krav medan ein forskar frå Havforskingsinstituttet la fram konsekvensar av rømming. Produksjonssjef for smolt ved Måsøval Fiskeoppdrett fortalte om deira erfaringar og rutinar knytt til levering av smolt.

Gjekk du glipp av webinaret? Sjå opptaket her: Webinar rømmingssikkerhet (my.rec.vc)

Riktig maskeopning sentral i å hindre rømming av smolt

– Maskeopning er den mest relevante parameteren for rømming, forklarer Daniel Landhaug, seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet.

Krav til maskeopning er regulert både i NYTEK og i akvakulturforskrifta. Likevel har det tidlegare mangla ein standard for korleis å måle storleiken på maskeopning, noko som har resultert i ulike praksisar.

Nytt av fjoråret var at ein fekk på plass ein standardisert måte å måle maskeopning. Til no har det vore ulike målemetodar og opp til ulike notprodusentar å oppgi måla for sine produkt.

– No har eit samarbeid mellom ulike notprodusentar resultert i ein standardisert målemetode, tilgjengeleg som tillegg B i NS9415, seier Landhaug.

Kjært barn…

Andre endringar i regelverket og standarden er at ein har stramma opp omgrepsbruken, og fjerna omgrep som forvirrar, særleg tilfelle kor eit fenomen har fleire namn. Maskeopning, lysopning, maskevidde, heilmaske, omfar er berre nokre av eksempla på omgrep som blir brukt om kvarandre.

– Maskeside, stolpelengde og halvmaske er også ulike ord som brukt om nøyaktig det same. Det kan vere forvirrande. Med framover er det maskeopning og maskeside vi vil bruke mest, seier Øyvind Grøner Moe, seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet.

– Vi ser at mange oppdrettarar føretrekker å omtale nøtene i omfar, men det er fleire grunnar til å ikkje ta med omfar i tabellen i tilrådinga vår. Totalt sett er det større risiko for å velje feil notmaske til fisken om ein baserer seg på omfar, supplerer Magnus Torvik, også han seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet.

Storleik på smolten er også avgjerande

Dei siste åra har Fiskeridirektoratet sett fleire rømmingshendingar der det i etterkant av utsett er oppdaga fisk som er mindre enn antatt og mindre enn det som har vore dokumentert gjennom individkontroll på settefiskanlegget.

– Vi ynskjer å få på plass gode rutinar for å finne den minste fisken i smoltleveransar, slik at det skal bli enklare å velje rett notmaske. Vi har bedt Havforskingsinstituttet levere dette som del av kunnskapsbestillinga vi leverte til dei i vår, seier Grøner Moe.

Ny tilråding

Fiskeridirektoratet la denne hausten fram Smoltvekt og notmasker: Revidert tilråding (fiskeridir.no).

Ein stor forskjell frå den gamle tilrådinga er at mål på maskeopning no er utelatt. Fiskeridirektoratet si vurdering er at kunnskapsgrunnlaget i form av verdiar for maskeopning ikkje er tilstrekkeleg til å kunne basere tilrådinga på. Det er også fleire andre grunnar til at ein tabell basert på verdiar for maskeopning ikkje kan bli heilt presis og treffande slik situasjonen er i dag. Ein av grunnane er at mange notsertifikat rett og slett manglar informasjon om kor store maskeopningane er, slik at oppdrettar då ikkje har noko referansepunkt å basere seg på.

– Å basere seg på maskesidelengdene trur vi skal fungere bra, og vi vil i større grad unngå at folk misforstår råda. Sjølv om dei faktiske maskeopningane i ein notpose vil avhenge av fleire enn denne eine variabelen, blant anna tråddiameteren i notlinet, vil lengda på maskesidene likevel i praksis vere den klart mest avgjerande variabelen for kor stor opning det blir i maskene, seier Torvik.

Verdiar for maskeopning er likevel noko som kjem inn i tabellen igjen i framtida. Ein slik tabell vil kunne gi endå fleire nyansar, men ei slik tilnærming vil først vere aktuelt etter direktoratet har fått resultata frå forsøk som skal gjerast neste år.

– Når vi får dei resultata, må vi også gå igjennom heile tilrådinga på nytt for å vurdere om noko må endrast. Og om det kjem ny, relevant kunnskap før den tid, vil det også kunne vere aktuelt å revidere tabellen.

– Det er opp til oppdrettar å velje maskestorleik, og det er viktig at oppdrettar er seg dette ansvaret bevisst, fordi det er heilt sentralt at maskeopning velgest ut frå storleiken på minste fisk i innhegninga, seier Landhaug.

Store endringar i næringa

Det skjer stadig store endringar innan akvakultur. Ordninga med utviklingstillatingar har auka utviklingstakta for ein del ny teknologi samstundes som avgrensa tilgang på nye areal har auka pågangen på meir eksponerte lokalitetar, som stiller krav ny teknologi og ny kunnskap. I tillegg er det auka fokus på semilukka og lukka flytande anlegg.

– Meir funksjonelle krav, heller enn spesifikke krav, gir større fleksibilitet for oppdrettarar og vare- og tenesteprodusentar i val av løysingar for å oppfylle regelverket. Samstundes krever funksjonelle krav meir erfaring og kunnskap hjå den som skal oppfylle regelverket ettersom det er større rom for tolking, seier Landhaug.

Om forum for rømmingssikkerheit

Forum for rømmingssikkerheit vart i 2019 oppretta på bestilling frå Nærings- og fiskeridepartementet. Fiskeridirektoratet leiar forumet kor bransjeorganisasjonane Sjømat Norge, Kystrederiene, Norsk Industri og Sjømatbedriftene deltek.

Forumets hovedoppgåve er å fremme arbeidet med rømmingssikring i norsk akvakulturnæring gjennom å diskutere og følge opp aktuelle spørsmål knytt til rømming og legge til rette for eit godt samarbeid mellom næringsorganisasjonane og myndigheitene. I tillegg skal forumet bidra med å spreie kunnskap og erfaringar på tvers av aktørane, mellom anna gjennom det årlege webinaret om rømmingssikkerheit.

Oppdatert: 02.12.2022

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.

Les mer og meld deg til intervju