Bør unngå deltametrin-avlusing i sommarhalvåret

Hummarlarvar er særleg utsette for negativ påverknad frå eitt av legemidla mot lakselus. Dette kom klart fram under webinaret Fiskeridirektoratet arrangerte 15. juni.

Det samla kunnskapsgrunnlaget viser at utslepp av deltametrin, som er verkestoffet i legemiddelet Alpha Max, kan føre til vesentleg større miljøpåverknad enn dei andre verkestoffa som blir brukte i avlusingsmiddel og kan sleppast ut i sjøen etter bruk.

Sidan det er i larvestadiet hummaren er mest sensitiv for dette stoffet, utgjer utslepp av deltametrin i sommarhalvåret ein særleg risiko for å påverke hummarbestanden negativt. I den samanhengen kom Havforskingsinstituttet med ei svært tydeleg melding: Deltametrin bør ikkje brukast til avlusing i sommarhalvåret.

Sjå opptak av webinaret

Opptaket av det digitale seminaret, med foredragshaldarar frå både Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet, er tilgjengeleg på fiskeridir.no.

Her kan du sjå opptak av «Webinar om korleis avlusingsmiddel kan påverke hummaren»

Oppdatert: 06.07.2022