Store kvalitetsavvik på notinspeksjonar

Det er avdekt store kvalitetsavvik på notinspeksjonar som er utførte med fjernstyrte undervassfarkostar (ROV) i samband med større arbeidsoperasjonar ved oppdrettsanlegg.

I 2020 og 2021 var det fleire tilfelle der notinspeksjonar med ROV ikkje avdekte faktiske skadar på nøtene.

– Dette var hol som skulle ha blitt avdekte under inspeksjonane, men som først vart oppdaga ved neste inspeksjon, notspyling, avlusingsoperasjon eller rutinekontroll av dei tilsette på anlegget, forklarar Magnus Torvik, seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet.

image-20211130084019-1.png
Notinspeksjon ved bruk av ROV. Foto: © SINTEF Ocean.

Fiskeridirektoratet har publisert ein gjennomgang av problema knytte til desse problematiske notinspeksjonane i vår erfaringsbase.

Funna viser at det er ein heil del faktorar som gjer seg gjeldande ved notinspeksjon med ROV:

– Sakene viser eit relativt breitt spekter av tiltak som dreier seg om rutinar, dokumentasjon, arbeidsforhold, forstyrrande element, tidspress, opplæring, kommunikasjon og kvaliteten på utstyret som blir brukt, seier Torvik.

I eit fleirtal av sakene er det gjort filmopptak av inspeksjonen.

– Filmopptaka fortel ulike historier. I nokre tilfelle har ikkje ROVen inspisert heile notarealet. I andre saker kan heile notarealet vere inspisert, men utan at skadane på nota vart oppdaga av operatøren der og då, seier Torvik.

– Desse funna kan tyde på at tilsyn med fokus på notinspeksjon bør flyttast høgare opp på Fiskeridirektoratets prioriteringsliste, seier Torvik.

Krav til kvalifikasjonar

Både arbeidet som blir gjort og utstyret som blir brukt, skal vere av ein slik kvalitet at det blir gjort ein reell kontroll av nota.

– Dersom oppdrettar vel å gjennomføre inspeksjon av nøter med ROV, må han sikre at kontrollen har den nødvendig kvaliteten og dokumentere dette, seier Torvik.

Dette omfattar både krav til at utstyret som blir nytta er eigna til å avdekke eventuelle hol i nota, og at operatøren (eller operatørane) har nødvendige kvalifikasjonar for å handtere utstyret.

– I alle sakene vi har sett nærare på er notinspeksjonen utført for å kontrollere nota etter ein større arbeidsoperasjon.

Det desse tilsynssakene også viser, er at det no blir tatt gode grep og sett inn ei rekke tiltak etter hendingar som har avdekt mangelfull kvalitet på notinspeksjonar.

– Merk òg at rømmingsstatistikken vår er dominert av hendingar knytt til arbeidsoperasjonar. Difor er det svært sentralt at måten ein overvaker nota på i samband med slike operasjonar kan fungere som eit effektivt tiltak for å førebyggje og avgrense rømming, avsluttar Torvik.

Oppdatert: 30.11.2021