Stor gjenfangst etter rømminga i Lekafjorden

Det vert framleis fanga betydlege mengder oppdrettslaks etter rømminga hjå Midt-Norsk Havbruk AS ved Lekafjorden i Nærøysund kommune.

Fiskeridirektoratet har per 9. september registrert ein gjenfangst på i overkant av 6000 oppdrettslaks etter hendinga ved Midt-Norsk Havbruk sin lokalitet Dolma N i Lekafjorden. Fisken er om lag 4 kg i storleik.

Selskapet har, etter pålegg frå direktoratet, fiska i utvida område med innleigde fartøy. Fangstene i dette fisket har no gått ned, og fisket vert difor avslutta. Det pågår framleis eit gjenfangstfiske med dusør etter påmelding. Frå dette fisket vert det framleis meldt inn betydelege fangstar. Gjenfangsttalet som er registrert inn til oss er ei oppsummering av begge desse aktivitetene.

Påmelding til dusørfiske i Trøndelag og Nordland

Slaktes idag

Fisken i den aktuelle merda skal etter planen vere ferdig utslakta iløpet av dagen idag. Fiskeridirektoratet ventar å ha meir informasjon om omfanget av rømminga i løpet av neste veke.

Vi ønsker fleire tips

Vi har fått inn eindel tips frå publikum om fangst av rømt oppdrettsfisk, men ønsker fleire. Publikum kan ringe vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.

Tipsene bidreg til å få eit betre bilde av omfang og korleis fisken spreier seg, og er til hjelp for vidare oppfølging.

Oppdatert: 10.09.2021