Rømming av regnbogeaure i Herdlefjorden i Vestland

Fiskeridirektoratet har denne veka fått melding frå Blom Fiskeoppdrett AS om rømming av regnbogeaure ved deira lokalitet Laksvika i Herdlefjorden mellom Askøy og Holsnøy, og ynskjer tips frå publikum om fangst av slik fisk i området.

Blom Fiskeoppdrett meldte tirsdag om funn av hol i not ved lokaliteten der dei produserer regnbogeaure. Fisken i merden er om lag 1 kg i snittvekt. Rømmingomfanget er ikkje kjend, men selskapet planlegg teljing neste veke. Selskapet har sjølv fanga 20 regnbogeaure i sine gjenfangstgarn.

Fiskeridirektoratet varsla før helga selskapa som har produksjon i fjorden om at det var fanga regnbogeaure i Norce si overvakingsruse ved Herdla. Det var etter dette at Blom Fiskeoppdrett fann hòl i ei av merdene sine.

Det er fanga totalt 13 regnbogeaure i overvakingsrusa dei siste to vekene.

Ynskjer tips og bilete

Fiskeridirektoratet ynskjer tips frå publikum som har fanga rømd regnbogeaure. Då det no er både vill aure og laks i fjordene, ynskjer vi òg bilete av fisken for å få avklart kva for art fangsten dreier seg om.

Gjeldande fiskereglar må følgjast.

Fiskeridirektoratet tek imot tips på døgnopen telefon 55 23 83 36.

Oppdatert: 04.06.2021