Oppdatering om rømminga i Lekafjorden i Nærøysund

Fiskeridirektoratet har fått meldingar om fangst av oppdrettslaks i eit større område etter rømminga hjå Midt-Norsk Havbruk AS ved Lekafjorden i Nærøysund kommune. Skaden på nota og omfanget av gjenfangst tyder på at det er tale om ei større rømming.

Gjenfangstfiske

Fiskeridirektoratet har pålagd Midt-Norsk Havbruk AS å drive gjenfangstfiske i utvida område etter rømmingshendinga ved lokaliteten Dolma N i Nærøysund kommune nord i Trøndelag. Det er så langt fanga om lag 480 oppdrettslaks i dette fisket, som vert utført av fleire innleigde fiskefarty.

Det har også kome inn meldingar frå privatpersonar og yrkesfiskarar om fangstar og observasjonar av oppdrettslaks etter hendinga. Meldingane gjeld fangstar frå Nærøysund i Trøndelag og nordover til Sømna i Nordland fylke.

Fisken er om lag 4 kg i storleik.

Hendinga

Det var torsdag førre veke at Midt-Norsk Havbruk AS meldte om rømming på lokaliteten. Det var då oppdaga eit større hol i ei not etter dårleg vær.

Fiskeridirektoratet har starta tilsynssak med hendinga, og har blant anna vore ute på lokaliteten.

Den aktuelle merden vil bli slaktet i midten av september og omfanget av rømminga vil da bli nærmere avklart.

Fiskeridirektoratet ønskjer fleire tips

Publikum kan melde inn tips om fangst av rømt oppdrettsfisk til vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36. Tipsene bidreg til å få eit betre bilde av omfang og korleis fisken spreier seg, og er til hjelp for gjenfangstfisket.

Oppdatert: 02.09.2021