Lakserømming i Førdefjorden i Vestland

Flokenes Fiskefarm AS melde førre veke om rømming ved lokaliteten Storevik i Førdefjorden i Askvoll kommune.

Hol i nót

Selskapet oppdaga hol i nót i samband med ein arbeidsoperasjon 31. mars.

Omfanget av rømminga er førebels ikkje avklart. Flokenes Fiskefarm har fått 25 oppdrettslaksar i gjenfangstgarn etter hendinga. Fisken i den aktuelle merda har ein storleik på om lag 4 kg.

Fiskeridirektoratet følgjer opp saka og vil vurdere tiltak i vassdrag når omfanget av rømminga er klarlagt.

Fiskeridirektoratet ønsker tips

Fiskeridirektoratet ønsker at publikum melder inn tips om fangst av rømd oppdrettsfisk til vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.

Oppdatert: 08.04.2021