Fiskeridirektoratet på Aqua Nor

– Det skal bli kjekt å møtast på messe i Trondheim igjen. Fiskeridirektoratet stiller som vanleg med stand bemanna med fagfolk på årets Aqua Nor, seier kommunikasjonsdirektør Anette Aase.

Årets oppdrettsmesse vil bli prega av koronasituasjonen og krav til smittevern.

– Det betyr at vi har litt mindre aktivitet på standen i år enn vi elles ville hatt. Mellom anna har vi valt å kutte ut vår populære suppeservering fordi vi er redd det i verste fall kunne ført til høgare risiko for smittespreiing. Men vi satsar på at mange vil besøke oss på stand A-121 i den nye hallen likevel, seier Aase.

Dialogmøte om rømming

På opningsdagen, tysdag 24. august, arrangerer Forum for rømmingsikkerhet (Fiskeridirektoratet og organisasjonar i oppdrettsnæringa) eit dialogmøte med rømming og sikkerheit som tema. Møtet er spesielt retta mot leiarar i oppdrettsbransjen og målet er å få etablert ein god sikkerheitskultur mot rømming i næringa.

– Oppdrettarane og tilsynsmyndigheitene har i fleire år arbeidt intensivt for å redusere rømming, men det er viktig å halde trykket oppe for at vi skal ha endå mindre rømming. Vi inviterer derfor til eit dialogmøte i samband med Aqua Nor, seier direktør Øyvind Lie i Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Dialogmøtet vil mellom anna ha biomasseteljing, risikostyring, sporbarheit og nytt regelverk som tema. Det er avgrensa antal plassar, og når faste plassar er fylt opp er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Møtet er tysdag 24. august klokka 15:00 til 16:30 på møterom K-340 på messeområdet.

Har du spørsmål, kan du kontakte:

Om Fiskeridirektoratet på Aqua Nor, Olav Lekve

Om rømmingsseminaret, Mette Remø

Kven møter du på messa

I tabellen under kan besøkande finne ut kven som står på stand til ei kvar tid og det er råd å avtale kjappe møter med leiarar og sakshandsamarar i løpet av dei fire dagane messa varar.

– Vi ser fram til å møte brukarane og andre interesserte 24. til 27. august i Trondheim, seier Aase.

For at du skal vite kva den enkelte som står på Fiskeridirektoratets stand arbeider med er det satt på kode for seksjon og region.

I tillegg til dei du finn i tabellen under, vil du kunne møte direktør Øyvind Lie ved Kyst- og havbruksavdelinga, prosjektledar for «Min side» Hildegunn Strømmen og kommunikasjonsdirektør Anette Aase.

  • A = Arealseksjonen ved Kyst- og havbruksavdelinga (KH)
  • T = Tildelingsseksjonen ved KH
  • Tmi = Tilsyns- og miljøseksjonen ved KH
  • TU = Tilsynsutviklingsseksjonen ved KH
  • N = Havbruksseksjonen i Fiskeridirektoratet region Nord
  • M = Havbruksseksjonen i region Midt
  • S = Forvaltningsseksjonen i region Sør
  • V = Kyst- og havbruksseksjonen i region Vest
  Tysdag 24. aug Onsdag 25. aug Torsdag 26. aug   Fredag 27. aug
10:00 - 13:30 Britt Leikvoll (Tmi) Olav Moberg (Tmi) Anne Britt Fjermedal (Tmi) 10:00 - 13:00 Anne Osland (T)
  Anne Osland (T) Thomas Køppen (A) Karianne Thorbjørnsen (T)   Joar Justad (Tmi)
  Audun Århus (N) Tina Oen Garden (v) Thomas Køppen (A)   Birgitte Arstein (A)
 

Leni Lisæter (V)

Lene R. Løtvedt (T) Bård Baik (N)    
  Henrik Jacobsen (Tmi) Mette Remø (TU) Geir-Martin Kvamme (V)    
           
13:30 - 17:00 Elin S. Hjørungnes (S) Erlend Skjetne (Tmi) Birgitte Arstein (A) 13:00 - 16:30 Knut Eikeset (Tmi)
  Lise Nes (N) Anne Osland (T) Joar Justad (Tmi)   Katharina Jacob (A)
  Birgitte Arstein (A) Henrik Jacobsen (Tmi) Mari S. Aksnes   Bjarte Buanes (TU)
  Mette Remø (TU) Håkon Evanger (N) Martin Mathisen (V)   Ruth L. Kjæmpenes(M)
  Erlend Skjetne (Tmi) Joar Justad Tom Hansen (N)   Ulrikke Strand (M)
      Knut Eikeset (Tmi)   Anita Wiborg (M)
          Olav Lekve
Oppdatert: 18.08.2021