Rømt regnbogeaure i Herdlafjorden i Vestland

Det vart i helga fanga rømt regnbogeaure i Herdlafjorden. Fiskeridirektoratet ønskjer at andre som får slik fisk i området melder frå til oss.

Fiskeridirektoratet fekk i helga tips frå fritidsfiskarar om fangst av regnbogeaure i nærleiken av Berlandsøyna mellom Askøy og Holsnøy.

Fiskane som vart fanga var i storleiken 3 - 4 kilo.

Direktoratet har dialog med verksemda som har produksjon i fjorden og som har fisk i aktuell storleik. Verksemda har ikkje funne avvik som skulle tilseie rømming, men gjer no nærare undersøkjingar.

Foto: Tipser. Med tillatelse til gjengivelse.
Foto: Tipser.

Ønskjer fleire tips

For å få eit best mogleg bilde av omfang og spreiing ønskjer Fiskeridirektoratet fleire tips frå publikum om fangst av regnbogeaure i området.

Vi ønskjer også bilete av slike fangstar.

Tips kan meldast inn til vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.

Oppdatert: 15.12.2020