Lakserømming ved Smøla i Møre og Romsdal

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingshending hjå Salmar Farming AS ved Smøla i Møre og Romsdal. Selskapet si oppteljing visar at om lag 11 500 fisk har rømt frå lokaliteten.

RETTELSE: I en tidligere versjon av saken stod det at Smøla tilhører Trøndelag fylke. Dette er feil. Saken er nå endret.

Hending i november

Salmar Farming meldte 23. november om ei rømmingshending på lokaliteten Solværet i Smøla kommune i Møre og Romsdal. Det var oppdaga eit relativt stort hol i ei av nøtene etter uvær.

Selskapet har denne veka ferdigstilt oppteljinga etter hendinga og konkluderer med at om lag 11 500 oppdrettslaks har rømt. Salmar har så langt gjenfanga 53 oppdrettslaks. Fisken som har rømt har ei snittvekt på 2,3 kilo.

Fiskeridirektoratet har fulgt opp med tilsyn hjå selskapet.

Fiskeridirektoratet ønskjer tips

For å få eit bilete av omfang og korleis fisken spreier seg ønskjer vi at publikum melder inn tips om fangstar til vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.

Oppdatert: 17.12.2020