Rømming i Hardangerfjorden
Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingshending hjå Mowi ASA i Hardanger.
Selskapet meldte inn hendinga 4. oktober. Det var då oppdaga ei større flenge i ei av nøtene på lokaliteten Svåsandneset i Ullensvang kommune.
Fisken i den aktuelle nota er oppdrettslaks med ei snittvekt på 3,7 kilo.
Omfanget av rømminga er ikkje klarlagt.
Ønskjer tips
For å få eit bilde av omfang og spreiing ønskjer Fiskeridirektoratet tips frå publikum om fangst av rømt fisk i området. Vi ønskjer også bilde av eventuelle fangstar.
Tips kan meldast inn til FMC – Fiskeridirektoratet sin døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.
Gjeldande regelverk for fiske må følgjast.