Rømming i Hardanger
Fiskeridirektoratet fekk fredag melding frå Lingalaks AS om rømming frå deira lokalitet Bergadalen i Kvam herad.
Ifølgje selskapet vart det fredag oppdaga ei flenge i nota under ROV-inspeksjon.
Rømmingsomfanget er ikkje klarlagt, men oppdrettslaksen i anlegget har ei snittvekt på 3-4 kg. Selskapet har ute gjenfangstgarn, og har i løpet av helga gjenfanga 7 laksar.
Fiskeridirektoratet har òg fått inn tips frå andre om fangst av rømt oppdrettslaks i denne storleiken i området.
Fiskeridirektoratet ynskjer fleire tips
For å få eit bilete av omfang og spreiing ynskjer Fiskeridirektoratet fleire tips frå publikum om fangst av rømt fisk i området.
Tips kan meldast inn til FMC – Fiskeridirektoratet si døgnopne vaktsentral på telefon 911 03 277.
Fiskeridirektoratet vil understreke at gjeldande regelverk for fiske må fylgjast.