Oppdrettarar får kompensasjon etter algeoppblomstringa i vår

Etter algeoppblomstringa i mai og juni i år vart det bestemt at det skulle gjevast delvis kompensasjon til dei selskapa som vart ramma.

Dette skulle gjevast som ein kompensasjons-MTB (maksimalt tillaten biomasse); altså ein kompensert tillaten biomasse (KTB).

For å sikre en effektiv saksbehandling og at kompensasjonen skulle bli så rettferdig som mulig, har det vore viktig å få på plass ein standardmetode for å berekne tapet til kvart enkelt selskap.

– Vi har jobba ut frå tal som er genererte av innsende månadsrapportar, etter å ha sikra at dei stemmer overeins med tala i søknadene. Tapet er utrekna basert på ei slaktevekt av 5 kg sløyd fisk. Denne utrekningsmåten har vore foreslått ved fleire høve, og hadde brei oppslutning, seier direktør Øyvind Lie ved kyst- og havbruksavdelinga.

Slik har vi rekna ut KTB-saldoen:

  • Algerelatert dødelegheit = tal på død fisk i mai (juni) (inkludert omsyn til utkast frå slakteri og eventuelle teljefeil) minus forventa normal dødelegheit i mai (1% - basert på snittverdiane for områda i 2015-2018)
  • Forventa tal på  slakta fisk = algerelatert dødelegheit minus 0,3% dødelegheit per månad fram til slakt (basert på snittverdiane for områda i 2015-2018)
  • Tapt slaktevolum (sløyd) = forventa tal på slakta fisk * 5 kg
  • Tapt slaktevolum (levande) = sløyd vekt * 1,2 (omrekningsfaktor frå NS 9417:2012)

KTB-saldoen er sett til 60% av tapt slaktevolum

Som ei vidareføring av dialogen mellom Fiskeridirektoratet og søkarar i denne prosessen har alle søkarane hatt høve til å uttale seg om fastsetjinga av sin KTB-saldo før vedtak vart sendt ut.

Eit selskap blei vurdert til å falle utanfor ordninga og vil få avslag på sin søknad.

Selskap som har fått innvilga KTB

Selskap

Cermaq Norway AS

Ballangen Sjøfarm AS

Gratanglaks AS og Kleiva Fiskefarm AS

Nordlaks AS

Salaks AS

Sørrollnesfisk AS og Northern Lights Salmon AS

Ellingsen Seafood AS

Mortenlaks AS

Oppdatert: 05.12.2019