Rømt fisk i Skogseid- og Henangervatnet i Hordaland

Fiskeridirektoratet fekk i månadsskiftet april/mai informasjon om funn av rømt oppdrettsfisk i smoltstorleik i Henangervatnet i Hordaland. Fisken vart funnen oppstraums vandringshinder frå sjø.

Selskapa som driv settefisk- og smoltproduksjon i og ved innsjøane er orientert om funnet. Det er ikkje meldt om rømming frå nokon av selskapa.

Fiskeridirektoratet fulgte opp situasjonen med prøvefiske 21.-22. mai og 27.-28. mai. Resultatet viste førekomst av rømt laksesmolt i både Skogseid- og Henangervatnet. Fisken som vart fanga var mest sannsynleg på vandring ut av vassdraget. Undersøkinga seier ikkje noko om kjelde eller mengde rømt oppdrettsfisk i innsjøane, og heller ikkje noko om rømmingstidspunkt.

Fiskeridirektoratet gav i 2018 pålegg om miljøovervaking til verksemdene som har drift i innsjøane. Verksemdene klagde på vedtaket. Klagen er no ferdig behandla og vedtaket er stadfesta.

Fiskeridirektoratet vil følge opp saka gjennom pålegget om miljøovervaking og andre relevante tiltak.

Oppdatert: 19.06.2019