Rømming frå anlegg i Hardangerfjorden

Fiskeridirektoratet har mottatt melding om rømming av oppdrettslaks frå eit anlegg ved Varaldsøy i Hardangerfjorden (lokalitet 12095 Bergadalen), eigd av Lingalaks AS. Selskapet anslår førebels at det kan ha rømt mellom 10 000 og 30 000 fisk med en snittstorleik på cirka 4-4,5 kg. 

Skaden vart oppdaga om ettermiddagen tysdag 24. mai, og Fiskeridirektoratet vart varsla umiddelbart. Fiskeridirektoratet vil følgje opp saka og finne årsaka til rømmingshendinga.

Det er alt observert at den rømte fisken har spreidd seg til eit større område, og Fiskeridirektoratet region Vest har etter samråd med Fylkesmannen i Hordaland pålagt Lingalaks AS utvida gjenfangstplikt. Per 25. mai var det fiska opp cirka 1200 fisk.

Det er berre selskapet som kan drive garnfiske i samband med utvidinga av gjenfangstplikta. Fiskeridirektoratet har stilt krav om at garna skal senkast til tre meter og det kan ikkje fiskast nærare enn 100 meter frå elvemunningar eller i fredningssonene. Fredningssoner er skilta. All villfisk skal setjast ut igjen.

Fiskeridirektoratet ynskjer tips

Fiskeridirektoratet oppmodar folk om å melde inn observasjonar og fangst av mogeleg rømt oppdrettsfisk til vår døgnopne vaktsentral: tlf. 03415.

Oppdatert: 26.05.2016