Tilbod om kapasitetsauke for løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure

Fiskeridirektoratet lyser ut tilbod om fem prosent produksjonsvekst mot strenge miljøkrav, jamfør forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure i 2015. Oppdrettarar som ønskjer å utvide produksjon må søkje innan 1. september i år.

Tilbodet gjeld høve til å auke maksimalt tillaten biomasse (MTB) for løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn med 5 % av noverande MTB mot vederlag. Høvet til å auke gjeld ikkje løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn til særlege formål, jamfør laksetildelingsforskrifta kapitel 5.

Kapasitetsauken vert gitt mot vesentleg strengare miljøkrav når det gjeld lakselus. Krava inneber at det ikkje skal vere fleire enn 0,2 vaksne holus av lakselus i gjennomsnitt per fisk på dei lokalitetane der løyve med utvida kapasitet vert nytta. Grensa på 0,2 lus skal haldast ved bruk av maksimalt to medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus. Kapasitetsauken vert gitt per løyve, mens dei strengare miljøkrava gjeld på alle lokalitetar som er knytt til løyve som har fått auka MTB etter denne forskrifta. Krava gjeld fram til lokaliteten blir lagd brakk etter avslutta produksjonssyklus, sjølv om løyve som har fått auka MTB etter denne forskrifta ikkje lenger er knytt til lokaliteten. Nærare informasjon finn du under.

Søknadsskjema og forskrifta er tilgjengeleg i vedleggsboksen på høgre side. Det elektroniske skjemaet krev innlogging med IDporten. Når du brukar IDporten kan du velje om du vil logge inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides. IDporten vert brukt som innlogging til ei rekkje offentlege tenester, for eksempel Altinn, Skatteetaten, Lånekassen og Nav.

Krav til sending og søknad

Innehavarar av løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn som ønskjer å utvide løyvet, skal sende søknad til fylkeskommunen i det fylket løyvet høyrer heime. Løyvet høyrer heime i det fylket som følgjer av registreringsnummeret, sjølv om lokalitetane ligg i andre fylke.

Søknaden må vere sendt seinast 1. september 2015. Det er tillate å sende søknaden med rekommandert brev, per faks eller elektronisk. Oppmøte hos den einskilde fylkeskommune, anten personleg eller med sendemann, er også tillate. Ved oppmøte må søknaden vere mottatt innan 1. september 2015 kl. 15.00.

Søknaden skal merkjast med «Søknad om kapasitetsauke 2015». Søknaden skal førast på fastsett skjema og minimum innehalde informasjon om kva løyve søknaden gjeld.

Det er søkjar sitt ansvar at søknad er kome fram til riktig fylkeskommune innan søknadsfristen. Søknad som blir levert for seint, blir ikkje behandla.

Det skal ikkje betalast søknadsgebyr for søknad om kapasitetsauke i 2015.

Vederlag

Vederlaget for kapasitetsauken er sett til 1 million kroner per løyve avgrensa til 945 tonn (i Troms og Finnmark) eller 780 tonn (i resten av landet). For løyve med anna avgrensing er vederlaget 25 500 kroner per tonn løyvet blir utvida med. Frist for innbetaling er to veker før innehavaren av løyvet ønskjer at utvidinga skal takast i bruk, men ikkje seinare enn 1. desember 2016.

Vederlag skal betalast til Fiskeridirektoratet, Økonomiseksjonen, Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen, kontonummer 7694 05 09048, og vere merka «Vederlag 2015 – [nummer på løyve]».

Vilkår

Løyve som har fått auka MTB etter forskrifta får følgjande vilkår, jf. forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure i 2015 § 7:

a) Det skal heile tida vere færre enn 0,2 vaksne holus av lakselus (Lepeophtheirus salmonis) i gjennomsnitt per fisk.

b) Forskrift 5. desember 2012 nr. 1140 om bekjempelse av lakselus i akvakulturanlegg gjeld, med unnatak for § 6 andre ledd siste punktum, då teljing av lakselus skal gjennomførast i samsvar med vedlegg 1 til denne forskrifta.

c) Grensa i bokstav a skal haldast ved bruk av maksimalt 2 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus.

Krava i bokstavane a) til c) gjeld på alle lokalitetar som er knytt til løyve som har fått auka MTB etter denne forskrifta. Grensa gjeld fram til lokaliteten blir lagd brakk etter avslutta produksjonssyklus, sjølv om løyve som har fått auka MTB etter denne forskrifta ikkje lenger er knytt til lokaliteten.

Nye vilkår til løyve etter denne forskrifta vil falle inn under vesentlege endringar i akvakulturdriftsforskrifta § 40 siste ledd, og krav til søknad om endring av driftsplan. Samdrift eller samlokalisering er ikkje tillate med mindre alle løyve knytte til lokaliteten er utvida etter denne forskrifta, eller Fiskeridirektoratet etter søknad gir løyve til slik drift på dei vilkåra som følgjer av denne føresegna. Ved brot på vilkåra er alle innehavarar av løyve på lokaliteten solidarisk ansvarleg.

Løyve som har fått auka MTB etter denne forskrifta kan inngå i ein selskaps- eller konsernbiomasse etter forskrift om drift av akvakultur §§ 47, 48, 48a og 48b. Vilkåra etter denne føresegna gjeld berre på lokalitetar knytte til løyve som har fått auka MTB etter denne forskrifta.

Merk at dei nye vilkåra vil krev søknad om endring av driftsplan, jamfør § 7 tredje ledd.

Informasjon om søknadsprosess

Søknadane om kapasitetsauke blir behandla av fylkeskommunen i det fylket løyvet høyrer heime. Tilbodet om auka MTB er ikkje ei ordning med eit avgrensa tal tildelingar. Søknadane vil difor bli behandla fortløpande etter mottak. Dersom søknaden oppfyller forskriftskrava, fattar fylkeskommunen positivt vedtak.

Innehavar av løyve gjev melding til fylkeskommunen der løyvet høyrer heime to veker før utvidinga av løyvet er ønskt teke i bruk, men ikkje seinare enn 1. desember 2016. Kvittering for innbetaling av vederlag skal leggjast ved meldinga. Endeleg positivt vedtak vert gjort av fylkeskommunen etter at innehavar av løyve har levert melding og betalt inn vederlag.

Oppdatert: 07.12.2015